Ein kikk attende

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKAH) har digitalisert eldre arkiv frå både gamle Vikør herad (som vart til Kvam i 1911) og frå tidlegare Strandebarm herad (som vart ein del av Kvam i 1965). Mange har vore interesserte. Er du også det?

   

Til saman har IKAH digitalisert 78 protokollar frå Strandebarm, Vikør og Kvam, 40 frå før 1922 og 38 frå etter 1922. 

Her kan det vera greitt med litt kommunehistorie:
Før 1911 bar Kvam herad namnet Vikør, etter kyrkjestaden. Strandebarm var eigen kommune, og den omfatta opphavleg også både Jondal og Varaldsøy, som etterkvart vart skilt ut som eigne kommunar. 1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm slått saman med Kvam herad. Det vart også Tørvikbygd, som hadde vore ein del av Jondal, samt Mundheim, som hadde vore ein del av Varaldsøy kommune.

Samstundes vart Åsgrenda (Bjotveit, Storås og Litlås) sør for Hardangerfjorden, som hadde vore ein del av Kvam herad, overflytta til Ullensvang. Dermed kan det nok vera interesse at også arkiv frå dei kommunane som no er slegne saman til Ullensvang har vorte digitaliserte. 

For Strandebarm sin del er møtebøkene frå formannskap og heradsstyret digitalisert heilt fram til 1965. Det yngste materialet er likevel ikkje tilgjengeleg på internett, då det er klausulert. Er du nyfiken på kva dei hadde føre seg i Strandebarm attende i 1918, kan du derimot finna det på
digitalarkivet.no, rett nok skrive med sirlegare handskrift enn dei fleste kommunetilsette kan skryta på seg i dag.

Over 4000 visningar

Materialet frå Strandebarm, Vikør og Kvam hadde i fjor 4087 visningar. Flest visningar hadde Møtebok for formannskap og heradsstyre, 1874-1889

Andre digitaliseringsprosjekt som IKAH fullførte i 2022 er:

  • Kopibøker og brevjournalar etter formannskapet og heradsstyre 1837-1920
  • Skuleprotokollar 1837-1920 (skuleprotokoll for Norheimsund krins 1878-1891 ser du framsida til over)
  • Møtebøker etter barnevernsnemnda 1837-1989
  • Møtebøker etter Teknisk utval / Bygningsrådet 1953-1991

Klikk deg inn her om du vil lesa meir om våre eldre arkiv.