Frå uro til handling

Kva gjer du dersom du kjenner uro for eit  barn?
Kanskje du har ei magekjensle av at det er noko som plagar barnet, men du veit ikkje heilt korleis du skal tolka signala frå barnet?

Astrid Anette Jensen ved barnevernstenesta i Kvam og Ingunn Hildonen Teigland, BTI-koordinator, på foreldremøte i Strandebarm barnehage.  - Klikk for stort bileteAstrid Anette Jensen ved barnevernstenesta i Kvam og Ingunn Hildonen Teigland, BTI-koordinator

Kven kan hjelpa? 
Dette er tema for foreldremøta i barnehagane i Kvam denne våren.
 

Her (bilde over) ser du Astrid Anette Jensen ved barnevernstenesta i Kvam og Ingunn Hildonen Teigland, BTI-koordinator, på foreldremøte i Strandebarm barnehage.

I Kvam følgjer me BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats) for å sikra at barn og unge får den hjelpa dei treng. På BTI-nettsida kan ein få oversikt over kva ein kan gjera dersom ein kjenner uro for eit barn, og korleis tenestene i Kvam kan hjelpa.


BTI-nettsida finn du ved å klikke her.

skjermbilde av betreinnstast kvam si nettside - Klikk for stort biletekvam.betreinnsats.no

Me har me ein plan for foreldremøta frå barnehage til ut tiande klasse.
Planen vår kan du lesa her.


Gjennom planen ønsker me å skapa møtepunkt mellom:

  • foreldra
  • barnehage/skule
  • og dei andre kommunale tenestene.

I veke 12 skal me vidare til foreldremøte i Sandven FUS for å snakka om kva ein gjer viss ein er uroleg for eit barn og i veke 13 møter me foreldra i Bjørketeigen barnehage.