Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Rein Hardangerfjord 2023 Fredag 15. september kl 9 -15 skal kysten langs heile Hardangerfjorden ryddast for plast og anna boss.
Ny rapport om klimafotavtrykket til hyttelivet i Kvam, Voss og Eidfjord Asplan Viak leverte i sommar rapporten «Grønt hytteliv. Klimagassutslipp knyttet til bygging og bruk av fritidsboliger i Kvam, Voss og Eidfjord kommun...
Kvam årets ungdomskommune? Kvam er ein av fire kommunar som er vidare til å vinna prisen som Årets ungdomskommune.
Kontraktsignering av nye Kvam VGS Tirsdag denne veka var representantar frå Vestland fylkeskommune og Veidekke entreprenør AS samla med rådmann Anita Hesthamar for å signere kontrakt.
Resultat frå badevassprøvar 1.august blei det teke prøvar av badevatn ulike stader i Kvam. Prøvane viser utmerka kvalitet på badevatnet.
Informasjon om bygging av nye Kvam VGS Her finn du meir informasjon om endring i trafikkbilde ved- og i område rundt nye Kvam vidaregåande skule.