Bygging av nye Kvam VGS er godt i gang, noko menneska som ferdast i dette område nok har merka seg. Veidekke Entreprenør AS som skal utføre byggearbeidet i Norheimsund som ein totalentreprise, starta det førebuande arbeidet allereie 1. august, og 15. august vart altså kontrakten signert.
Jan Tore Rosenlund som signerte kontrakten på vegne av Vestland fylkeskommune utaler følgjande på fylkeskommunen sin nettstad:
– Vi gler oss til å følgje byggeprosessen fram mot ferdigstilling av det som skal bli eit praktbygg. Prosjektet utnyttar tomta godt og har gode løysingar for både innvendige og utvendige areal. Kvam herad er ein aktiv medspelar i prosjektet, og med dei kommunale funksjonane skal området bli brukt og attraktivt også utanom den vanlege skuletida. - Jan Tore Rosenlund, konstituert eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune.
Ingmar Austevoll, regiondirektør i Veidekke Bygg Vest, signerte på vegner av Veidekke.
Viktig samarbeid
Vestland fylkeskommune signerte også ein viktig samarbeidsavtale med Kvam herad i i heradstyresalen denne dagen. Signeringa var det konstituert eigedomsdirektør Jan Tore Rosenlund og rådmann i Kvam, Anita Hesthamar, som stod for.
(f.v) Rosenlund og Hesthamar
Foto: Gunnar Hemre Ringheim/Vestland fylkeskommune
– Vi har trua på at satsinga på den nye skulen og det gode samarbeidet med Kvam herad styrkar den positive utviklinga av regionen, fortel Rosenlund.
Fram mot ein ny vidaregåande skule
Byggesteg 1 skal altså verta overlevert frå entreprenør i oktober 2024, medan heile skulen og den kommunale delen skal vert overlevert i oktober 2025. Prosjektet har eit samla bruttoareal på om lag 8800 kvadratmeter og skal i tillegg til den vidaregåande skulen også huse bibliotek, administrasjon for kulturskulen, kino og vaksenopplæring. Fylkeskommunen skal også leige 1200 kvadratmeter idrettshall av heradet.
Den nye skulen får rundt 310 elevar og 60 tilsette. I tillegg kjem dei kommunale arbeidsplassane. Samla vil heile prosjektet koste nesten 600 millionar kroner.
Dei frammøtte til signeringa på Kvam rådhus 15.08
Foto: Gunnar Hemre Ringheim/Vestland fylkeskommune
På bilde ser ein følgjande innvolverte personar i prosjektet:
- Hillevi Elizabeth Runshaug, områdeleiar for undervisning (Vestland fylkeskommune, VLFK)
- Lars Christensen, prosjektsjef (innleigd av VLFK)
- Jan Tore Rosenlund, direktør for eigedomsavdelinga (VLFK)
- Geir Bjarne Høydal, ass. prosjektleiar (VLFK)
- Erlend Orrestad Nilsen, prosjekteringsleiar (VD)
- Kristina Folkedal, prosjektsjef (VD)
- Gunnar Hemre Ringheim, prosjektleiar (VLFK)
- Kjartan Einarsson, prosjektleiar (VD)
- Ingmar Austevoll, direktør Veidekke (VD)
- Anita Hesthamar, rådmann Kvam herad
- Jan-Kjetil Nordanger, anleggsleiar (VD)