Badeulukke ved Movatnet - namn frigitt

Movatnet, Steinsdalen og Steinsdalsfossen - Klikk for stort bilete Øyvind Strømmen

2. august 2023

Ein fem år gammal gut som er busett i Kvam vart henta opp frå Movatnet etter badeulukke igår ettermiddag. Han er kritisk skadd og får behandling på Haukeland sjukehus. Informasjon blir oppdatert dersom me får nye opplysningar frå sjukehuset.

4. august 2023

Haukeland sjukehus har i samråd med føresette idag varsla Kvam herad om at den fem år gamle guten som var utsett for ei badeulukke tysdag 1/8 diverre døydde av skadene.

8. august 2023

Politiet frigir namn etter drukningsulykke i Norheimsund.

Det var 5 år gamle Ishara Mashengesho frå Norheimsund som døydde på Haukeland universitetssjukehus 4. august, etter ei drukningsulykke i Movatnet 1. august.

Namnet blir frigitt etter ønskje frå dei pårørande.

Psykososialt kriseteam vil samordna det vidare arbeidet med støtte til familien.

16. august

Gravferd frå Norheimsund kyrkje onsdag 16. august kl. 12.00. Alle som vi lfølga Ishara, er hjarteleg velkomne,

Under her finn du nyttige lenker til korleis snakke med barn og unge om sorg og død: (desse er også delt med barnehagen)