Saman for ei inkluderande fritid

Kvam herad skipar til oppvekstkonferanse 30. – 31. august

Illustrasjon med teksten barn og unge i Kvam - Klikk for stort bilete

Temaet for årets konferanse er inkluderande fritid

Kvam har me dei siste åra hatt ei satsing på inkluderande fritid som beskyttande faktor mot utanforskap. Konferansen er ein del av implementeringa av den lokale fritidserklæring som vart vedteken i heradsstyret i slutten av mars. I denne erklæringa heiter det at alle barn og unge skal ha reell tilgang til fritidsarenaen. 

Fleire av arrangementa under oppvekstkonferansen er opne for alle: ope møte, fritidsmesse for alle og fritidsdagar.

 

Pressefoto av Leo Ajkic - Klikk for stort bileteLeo Ajkic

 

Ope møte i Øystese idrettshall

Onsdag 30. august kl 18 - 20. Gratis inngang - ope for alle!

  • Opning ved ungdomsrådet
  • Føredrag og samtale med Leo Ajkic
  • Paneldebatt

__________

Fritidsmesse for alle 

Øystese idrettshall, torsdag 31. august kl 17:30 - 18:30

Foreldre og alle andre interesserte er velkomne til å oppleva mangfaldet av fritidstilbod for barn og unge i Kvam. 

Bilde frå fjorårets fritidsmesse - Klikk for stort bileteFjorårets Fritidsmesse i Øystese idrettshall

 

________

Fritidsdagar i Kvam

Fredag 1. september - søndag 3.

Fritidsmessa held fram ulike stader i kommunen gjennom helga. Klubbar, lag og andre aktørar tilbyd aktivitetar på sin heimebane rundt i kommunen.

Test ut kva for ein fritidsaktivitet som høver best for deg!

Gratis - for alle!

Programmet til Fritidsmessa og Fritidsdagane finn du på denne lenka.

 

Med utgangspunkt i dei unge si oppleving

For oss er det viktig å laga ein konferanse som tek utganspunkt i praksisfeltet og som er ærleg. Me har teke utgangspunkt i det som dei unge sjølve seier når det gjeld kva som hindrar dei i å vera aktive på fritida. Av det som kjennest mest utfordrande, seier mange av ungdommane at det kan vera vanskeleg å finna seg til rette i eit fellesskap. Mange unge skildrar ei oppleving av at det skal så lite til før ein kjenner at ein er annleis og utmerkar seg negativt. Dei seier at det kostar å ta berre små skritt utanfor det som er definert som «normalen». Også dei ungdommane som trivest, har mange vener og er aktive på fritida er veldig bevisste dette. Unge med innvandrarbakgrunn eller unge som er ikkje-binære, seier at dei kan oppleva å koma heilt på sida.

Med mål om å gjera fritidsarenaen tilgjengeleg for alle barn og unge

Me ser at opplevinga av å føla seg annleis og mangla tilhøyrsle vert ei hindring for deltaking på fritidsaktivitetar. Korleis me som lokalsamfunn kan legga til rette for større mangfald og meir inkluderande haldningar vil vera eit sentralt tema gjennom konferansen. Gjennom å utforska og drøfta utfordringane ved inkludering på fritida saman med ungdommar, kommuneleiing, fritidsaktørar og politikarar, håpar me at me kan koma nærare målet om å gjera fritidsarenaen vår tilgjengeleg for ALLE barn og unge.

 

Kontaktpersonar

Ingunn Hildonen Teigland - koordinator Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Kvam (BTI)
E-post: ingtei@kvam.herad.no. Telefon: 482 76 813

Kristin Lundblad - fritidskoordinator i Kvam
E-post: krisve@kvam.herad.no. Telefon: 900 58 018 /995 14 810