Informasjon om bygging av nye Kvam VGS

Her finn du meir informasjon om endring i trafikkbilde ved- og i område rundt nye Kvam vidaregåande skule. 

Illustrasjon av nye Kvam VGS - Klikk for stort bileteIllustrasjon av nye Kvam VGS

Byggeprosessen 

Veidekke entreprenør AS skal på oppdrag frå Vestland fylkeskommune bygga den nye skulen i Norheimsund. Arbeidet vil bestå av å delriva den eksisterande ungdsomsskulen og riva den gamle brannstasjonen for så å bygga ny skule med tilhøyrande uteområde.

Førebels planlagt framdrift ser slik ut:

  • August - oktober: Riving og grunnarbeid
  • Oktober - desember: Betongarbeid, spuntarbeid og utomhusarbeid
  • Januar - mars: Massivtremontasje (skulebygget) og utomhusarbeid

Det vil bli auka trafikk i Gamle sandvenvegen i høve byggingsarbeidet, samt at arbeidet kan medføra støy. Veidekke som utfører jobben for Vestland fylkeskommune, opplyser at dei ønskjer å vera til minst mogleg ulempe og sjenanse for omgjevnandane, men arbeidet vil bli lagt merke til i nærmiljøet.

Byggearbeid vil for det meste pågå i tidsrommet mellom kl 7 - 19 mandag - torsdag, kl 7 - 16 på fredagar og i periodar vil det vera aktivitet på laurdagar mellom kl 7 - 15. Særskilt støyande arbeid prøver dei å legge til dagtid.

Byggeområde er gjerda inn med byggegjerder, og avstengt for uvedkommande.

Følg til ei kvar tid gjeldande skilting, under her finn du kart og illustrasjonar som syner endringane.

Endra trafikkbilde

Annleggsleiar Jan Kjetil Nordanger hos Veidekke opplyser før skulestart torsdag 17. august at dei har sju mann ute i trafikkbilde rundt Norheimsund skule i tidsrommet då skulen startar kl 8.30 og då skulebussane kjem ved skuleslutt frå kl 13.30. Det same vil dei gjera fredag 18.08.

Einvegskøyring

Grovagjelet er blitt einvegskøyrt, følg skilting. Innkøyring frå fv 576 er tillat, utkøyring må skje på Gamle dalavegen. 

Sjå merka køyremønster på kart under.

Kartutsnitt av byggningsområde ved rådhuset - Klikk for stort bileteNytt køyremønster

Parkering

Parkering på rådshusområde er frå august 2023 av berre for besøkjande og tenestebilar.
Sjå merka område på kart under. 

Kartutsnitt rådhuset - Klikk for stort bilete

 

OBS! Foresatte som skal følge sin 1.klassing fyrste skuledag 17.08.23 må parkera ved grusbana i Norheimsund.

Tilsette i Kvam herad som jobbar på rådhuset eller Norheimsund skule skal parkera på grusbana, her er det opna for to moglege inn- og ut køyringar.
Andre kommunale parkeringsplassar i Norheimsund er:

  • Gjermundsbakken (v/Kassen)
  • Hardanger brygge v/ stranda (gamle meieritomta)
  • Asfaltert område på øvre plan v/ Spar butikken. 
  • Merka parkering bak grusbana (ref. bilde under)

Sjå P-merking på kart under.

Alle som har langtidsparkert eit køyretøy, ein hengar eller liknande på ei kommunal parkering i Norheimsund må fjerne desse så snart som råd så plassane vert frigjort til menneske som treng dei i kvardagen.

Kartutsnitt som syner kommunale parkeringsplassar i Norheimsund - Klikk for stort bileteKommunale parkeringar Norheimsund

Tilkomst Norheimsund skule

Gangveg til og frå skulen vert begrensa i byggeperioden, sjå illustrasjon under for kva gangvegar som kan nyttast inn til skulen i perioden 17.08.23 - 16.09.23. Gult område = gangveg.

Illustrasjon over tilkomst til Norheimsund skule - Klikk for stort bileteTilkomst til Norheimsund skule

 

Kiss & ride, altså avsetting av elevar, skal gjerast på kommunal parkering ved Spar butikken. Avsetting av barn utanfor gangvegen mot rådhuset er IKKJE tillat (gul merking på illustrasjon over).

Merk dykk følgjande i illustrasjona over:

  • Gangveg til og frå skulen.
  • Nytt område for busshaldeplass
  • Dei grøne felta syner portane der køyretøy og maskiner passerer, opplys gjerne barna om å visa ekstra varsemd i dette område.

Ny alternativ gangveg i byggeperioden

Grusvegen frå gangfeltet og opp bak Esso i Norheimsund er stengt, for alternativ gangveg sjå merking på kart under. Ny veg går på framsida av Esso og på gangfeltet opp Gamle dalavegen. Har du born som nyttar denne vegen til skulen i kvardagen? Forklar eller vis gjerne kor den nye vegen går og korleis ein tryggast mogleg kan ferdast her.

Bilde av alternativ gangveg i byggeperioden - Klikk for stort bileteAlternativ gangveg ved Esso Norheimsund

 

Spørsmål og innspel til Kvam herad kan rettast til:

Einingsleiar plan og byggesak, Heidi E. Ørjansen
E-post: heiorj@kvam.kommune.no
Tlf. 905 41 203