Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Rein Hardangerfjord 2023

Fredag 15. september kl 9 -15 skal kysten langs heile Hardangerfjorden ryddast for plast og anna boss.

bilde av ordførar og kvinne som plukkar plast ved fjorden - Klikk for stort biletePlukking av bos under Rein Hardangerfjord 2022

Dette er ein del av Strandryddeuka 8. - 17. september, så me oppmodar til rydding heile denne veka - medan oppsamlingsstasjonane står ute.

Vil du oppretta eit ryddelag og registrere ein ryddeaksjon?  

Det gjer ein gjennom portalen på www.ryddenorge.no.

bilde av mange plastplukkarar ved fjorden - Klikk for stort bileteRyddelag under rein Hardangerfjord 2022

 

Hugs å merka ryddeaksjonen din med ryddeknaggen «Rein Hardangerfjord 2023» når du registrerer deg! 
Sjå korleis du registrerer din ryddeaksjon steg-for-steg i denne PDF fila. (PDF, 918 kB)

Dersom du registrerer ryddeaksjonen før onsdag 30. august, vert lokaliteten for din ryddeaksjon tatt med i vurderinga for kor oppsamlingsstasjonar vert plassert.

Hanskar, sekkar og oppsamlingssekkar kan hentast i resepsjonen på rådhuset.

Dersom det vert vanskeleg å få henta, eller de vil henta utanfor rådhuset si ordinære opningstid kan de kontakta Miljøkoordinator Runa Ekrem:

E-post: runekr@kvam.herad.no Tlf. 458 76 023

 

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.