Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Kinckdagane er historie Kinckgarden i Strandebarm har vore senter for Kinckdagane i 33 år, og 2023 vart siste året for dei tradisjonelle kulturdagane.
Invitasjon: Hardangerkonferansen 2023 Onsdag 8. og torsdag 9. november vert det lunsj til lunsj konferanse på Brakanes hotel i Ulvik.
Utviklingsstipend til idrettsutøvarar Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ni utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Søk innan 1. oktober.
Byte av hovudvassleidning frå Fosse til Ploganeset - ferdig! Arbeidet vart utført 18. - 22- september.
Velkomen som jobbsøkar i Kvam herad Her finn du ei oversikt over ledige stillingar i Kvam herad per september 2023.
Workshop om næringsutviklingsarbeid i Kvam Tirsdag 19. september var lokale verksemder invitert til rådhuset for å snakka fritt rundt kva for nokre grep dei meiner kommunen kan ta i sitt næring...
Vegstenging på Vetletveitvegen, Ålvik Mandag 18.09.23 kl 09.00 vert deler av Vetletveitvegen stengt grunna graving av kabelgrøft.