Workshop om næringsutviklingsarbeid i Kvam

Tirsdag 19. september var lokale verksemder invitert til rådhuset for å snakka fritt rundt kva for nokre grep dei meiner kommunen kan ta i sitt næringsutviklingsarbeid.

bilde av ei gruppe mennesker rundt bord i heradsstyresalen - Klikk for stort bileteEi av arbeidsgruppene i ivrig diskusjon under workshopen.

Analyse av næringslivet i Kvam

På oppdrag for Kvam herad gjennomfører Menon Economics ei analyse av næringslivet og næringsutviklingsarbeidet i Kvam. Formålet med analysen er å evaluera Kvam sitt næringsarbeid og gje kommunen konkrete anbefalingar om korleis næringsutviklingsarbeidet kan og bør bli innretta for at kommunen skal bidra til at næringslivet sitt vekstpotensial vert realisert. Prosjektet vil innehalda ein analyse av Kvam sitt næringsliv, ei kartlegging av næringsarbeidet i Kvam, samt ei beskriving av ulike tiltak og anbefalingar.

Som ein del av undersøkinga utfører Menon ein workshop med ulike aktørar i kommunen. Workshopen skulle vera ei "grøn sone" for ideer, og aktørane kunne koma med sine tankar og diskutera seg imellom.

Bakgrunn

Kvam herad skal rullera kommunedelplanen for Næring og kompetanse 2015 – 2023. For å ha ein betre bakgrunn for dette arbeidet skal me få gjennomført ein analyse av næringslivet og kommunen sitt arbeid på næringsområdet - fortel leiar for næring Jan Tjosås.

Tjosås fortel vidare at kommunen difor har invitert til deltaking i ein konkurranse for analyse av næringslivsarbeidet i kommunen.  Oppgåva er å visa styrker og svakheiter med korleis kommunen organiserer arbeidet med næringsutvikling i dag,  korleis samhandlinga er i mellom Kvam herad og næringslivet og skissera strategiske vegval, som vil bidra til at Kvam herad vert betre rusta til å skapa dei rette rammene for ei berekraftig næringsutvikling i framtida.

Tre selskap vart invitert og Menon Economics fekk oppdraget.

Verta betre rusta for framtida

For å komma vidare med dette arbeidet vil det vera nyttig med ein gjennomgang av næringsarbeidet slik det vert praktisert i dag og sjå på kva som kan få kommunen til å få «fleire bein å stå på», utvikla berekraftige og konkurransedyktige verksemder og verta betre rusta for framtida. Ei samla satsing på vidare næringsutvikling i Kvam herad skal gjennomførast i nye og gamle partnarskap med næringslivet og involvera både innbyggjarar og frivilligheita.

1. Analyse av næringslivet

2. Kartlegging av næringsarbeidet i Kvam

3. Prognosar for næringslivet

4. Alternative måtar å organisera næringsutviklingsarbeidet

5. Tiltak og anbefalingar.

Etter at Kraftfondet vart revitalisert i 2018 har nær 200 søkjarar fått støtte frå fondet. Det er viktig å sjå på desse løyvingane om dei bidreg til næringsutvikling eller om midlane kunne vore nytta annleis.

Målet med møtet tirsdag var å få næringslivet sine synspunkt på korleis kommunen bør arbeida. Tjosås oppmoda difor dei frammøtte til å vera aktive og koma med eigne innspel på korleis kommunen kan arbeida betre på dette feltet.

Nær 50 lokale verksemder var invitert til å delta på workshop denne dagen.

Påverke Kvam i positiv retning

Thor-Arvid H. Pedersen, dagleg leiar hos Hardangerfjord Adventure var ein av dei som deltok på workshopen. Han seier motivasjonen for å delta er å påverka Kvam i postiv retning. Me står overfor nokre felles utfordringar som til dømes rekruttering og slikt trur eg me løyser best saman. Me har diskutert mellom anna korleis me kan samarbeida, sikre faste møtepunkt mellom næringsliv og kommune, samt kraftfondet.

Pedersen fortel at næringslivet etterspør ein tydlegare retning frå kommunen si side. Saman må me alle ville utvikle. På vår gruppe sporar det innimellom av med samfunns- og sentrumsutvikling tematikk, men det vart nokon gode diskusjonar kring andre aktuelle tema som gjeld for fleir av oss. Me har ein tendens til å berre sjå vår eigen bransje og utfordringar me sjølve står i utan å tenke så mykje over korleis det kan vera likt for andre- difor er det nyttig å snakke saman.

Dei tre som deltok frå Menon Economics Henrik Motrøen Foseid, Maja Olderskog Albertsen og Maren Rege avslutta med å skryta av dei frammøte aktørane som bidrog til større innsikt i næringslivet i Kvam.