Bakgrunn
Årsaka til dette er at den er gamal og har ein skade som gjer at ein ikkje veit kor lenge den vil halde. Hovudleidningen ligg i sjøen tvers over bukta og det er ikkje andre leidningar me kan nytta for å få vatn frå vassverket som ligg på Fosse og vidare ut til Tangerås og Oma.
I dette høve må alle abonnentar spara på vatnet og bruke minst mogleg medan arbeidet pågår.
Det vert lagt opp til normal vassforsyning, men vatnet kan verta vekke i korte periodar, dette vert varsla særskilt via SMS til dei det gjeld.
Arbeidet har fylgjande framdrift:
Måndag 18.09
Slep av ny leidning frå Holmefjord til Strandebarm startar.
Tysdag 19.09
Samansveising av slepet, samt klargjering for kapping av den gamle leidningen startar. Ut på dagen/ettermiddagen vert vassforsyninga frå Fosse mot Ploganeset stengd.
Onsdag 20.09
Tilkobling av ny leidning til den gamle, i sjøen på Fosse. Senking av ny leidning, utspyling, desinfisering og utspyling etter desinfisering.
Torsdag 21.09
Tilkobling av ny leidning på Ploganeset. Trykktesting og prøvetaking.
Fredag 22.09
Opne for vassforsyning frå Fosse mot Tangerås og Oma. (Eventuelt før dersom vassprøvar tilseier dette.)
For å redusera nedetid på vassforsyninga vil ein tilstrebe mest mogleg kontinuerleg arbeid.
Me ynskjer at folk tapper opp noko vatn på førehand. Altså før måndag 18.09.23
- Elles ber me alle om å prøva å bruka minst mogleg vatn desse dagane.
- Ein må/bør tenkje over korleis ein brukar vatn: ikkje lange dusjar, ikkje vaske bilen, ikkje vatning eller sløser/tappar vatn unødig. Det kan og vera lurt å sjekke om ein lekkasjar på til dømes toalett etc.
Me må køyra noko vatn med tankbil frå Fosse til Grønning for oppretthalda nivå i bassenget, men me ynskjer at ein kan gjera minst mogleg av dette. For dei som bor langs Haukåsvegen på Fosse og langs Grøningsvegen vil ein oppleva noko trafikk av lastebil opp og ned.
Det vert som nemnt sendt ut melding til alle abonnentane om arbeidet.
NB! Det vil kunne vere periodar der tilkomst for båtar inn/ut av bukta vert noko redusert.
______________________________
Oppdatering 25.09.23
Me er no ferdige med prosjektet: ny vassleidning frå Fosse til Ploganeset (kun litt oppussing nede i fjøra ute på Ploganeset står att).
Me må få retta ei stor takk til abonnentane som har bidrege med å redusera vassforbruket, slik at ting har gått som planlagt.
______________________________
Kontaktinfo
Prosjektleiar Erling Eid Tlf. 906 99 317
Teknisk vakt: 56 55 34 00 (tastevalg 1)