Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.
Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.
Kven kan søkje?
Utøvarar kan sende inn søknaden på elektronisk søknadsskjema. Søkjaren må representere ein klubb i Vestland fylke.
Rapportering
Mottakarane av stipenda skal innan påfølgjande år gje ein kort, skriftleg rapport om korleis stipenda har vore nytta.
Les meir og søk på denne lenka, som fører til Vestland fylkeskommune si side.