Skogdagar i Kvam

Skogdagar på Mundheim 19. september og ved Byrkjelandsvegen i Vikøy 22. september

Skog - Klikk for stort bilete Øyvind Strømmen

Skogkveld på Mundheim

Dato og tidspunkt: Tysdag 19. sept. Klokka 17.00

Skogselskapet, Ytre Hardanger skogeigarlag, AT Skog, Kvinnherad kommune og Statsforvaltaren i Vestland inviterer til skogkveld for skogeigarar og skoginteresserte.

Det vil bli demonstrasjon med motorryddesag i yngre skog under denne skogkvelden.

  • Opent for alle.
  • Ingen deltakaravgift.
  • Enkel servering med kaffi og noko attåt.

Oppmøteplass: Ved skogsbilvegen på Nybru (følg lenka for kart), Sveinung Håland, Mundheim

Program/tema:

Eldre skog

  • Tømmerprisar og marknad
  • Hogstmetodar og lønsemd
  • Skogsbilvegar
  • Revidert PEFC skogstandard
  • Inntekter og utgifter i skogen


Synfaring av plantefelt/ungskogfelt

  • Vurdering av plantefelt frå 2015
  • Demonstrasjon/vurdering av ungskogpleie
  • Satse op blandingsskog eller einsarta skog
  • Kvalitetsfremjande tiltak i skogen
  • Tilskotsatsar

Mellomgamal skog

  • Kunstig kvisting

______________

Skogdag ved Byrkjelandsvegen, Vikøy

Dato og tidspunkt: Fredag 22. sept. Klokka 10.00

Oppmøteplass: Langs skogsbilvegen ved Byrkjelandsvegen (følg lenka her for kart), 5 km frå Norheimsund

Program/tema:

Hogst

  • Tømmerprisar og marknad
  • Hogstmetodar og lønsemd
  • Skogsbilvegar
  • Revidert PEFC skogstandard
  • Inntekter og utgifter i skogen
  • Skogfond


Synfaring av plantefelt/ungskogfelt

  • Vurdering av plantefelt
  • Demonstrasjon/vurdering av ungskogpleie
  • Kvalitetsfremjande tiltak i skogen
  • Tilskotsatsar
  • Smart bruk av skogfond


Det vil vere mogelegheiter for gode skogdiskusjonar og stille spørsmål til fagpersonar frå skogbruket
Alle skogeigarar vil ha nytte av dette.
Skogselskapet, kommunen, Statsforvaltaren og AT Skog vil delta.

Skogselskapet Sogn og Fjordane logo - Klikk for stort bilete at skog logo - Klikk for stort bilete