Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Vegstenging: Kaien i Grova Frå FV 49 og ned på kaien i Norheimsund vert det heilt stengd for bilar måndag 6. nov. kl 23:00 - torsdag 9. nov. kl 05:00
Pårørandekveld Mandag 6. november er det pårørandetreff på Kan-skje kafé i Norheimsund kl 18:00 - 19:30
Slik blir du betre førebudd på krise Tema for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er ØVE. Me oppfordrar alle innbyggjarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrkje eigenberedskapen.
Vennefamilie Å vera ein Vennefamilie tyder at du mellom anna vil vera ei støtte, ein venn og vegvisar.
Har du litt ekstra tid og omsorg å gje? Barneverntenesta i Kvam har behov for besøksheim, støttefamilie, fritidskontakt, fosterheim og tilsynspersonar. Kan det vera deg?
Konstituerande møte i Kvam heradsstyre Det nye heradsstyret (valperioden 2023-2027) skal ha sitt første møte tysdag 17.10.2023 kl 9 i heradsstyresalen, på rådhuset i Norheimsund.
Influensa- og koronavaksinering i Kvam Her finn du informasjon og oppdaterte råd om influensa- og koronavaksine i Kvam herad.
Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur 2023 I dag, torsdag 5. oktober kl 13 vart det kunngjort at Jon Fosse frå Strandebarm vert tildelt den prestisjetunge prisen.