Kvam herad jublar og gratulerer!
Flagget gjekk rett til topps.
Ref. bilde
Flagget i toppen ved rådhuset i Norheimsund
Dette er fyrst og fremst ein stor dag for Jon sjølv.
Men det er også ein stor dag for Strandebarm, for Kvam, for Hardanger, for Noreg og for heile den litteraturinteresserte verda.
Ordførar Torgeir Næss, som sjølv har vore ein ivrig Fosse-lesar sidan tidleg i forfattarskapen hans, jubla høgt då kunngjeringa kom.
«Eg får gåsehud over heile kroppen. Favorittforfattaren min får den største anerkjenninga ein forfattar kan få. Dette er nesten ufatteleg stort, og så fortent!»
På nrk.no kan ein lese at det er fyrste gong på 95 år at ein nordmann får nobelprisen i litteratur. Forrige gong var årstalet 1928 og mottakaren Sigrid Undset.
Vidare står det at prisen får han for hans nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege. Slik var grunngjevinga frå Svenske Akademien då dei annonserte kven som blir tildelt nobelprisen i litteratur. Juryen trekte vidare fram at Fosse har vist heilt spesielle evner som dramatikar heilt frå starten. Han får ros for si heilt spesielle og særeigne måte å skrive på.