Open brannstasjon på Oma

Laurdag 4. november vert det open brannstasjon på Oma

Bilde av Bjørnis på brannstasjonen i Kvam - Klikk for stort bilete

Vanlegvis vert open brannstasjon arrangert i samband med brannvernveka, i år vart det litt utsett, men endeleg er dagen her!

Finn vegen til Oma brannstasjon kl 10 - 13 laurdag 4. november

Over 350 brannstasjonar rundt om i Noreg plar opna brannstasjonen kvar haust i samband med Brannvernveka. Tidspunktet er ikkje tilfeldig då hausten markerer inngangen til ei tid på året då straumbruken normalt sett går opp og det er meir bruk av levande lys, som igjen kan føra til større risiko for brann.

For Kvam sin del skal me denne hausten gjennomføra ein open brannstasjon, og det vert på Oma.

Det blir ikkje gjennomført open brannstasjon i Norheimsund denne hausten.

Me håpar mange, både store og små, kjem til Oma denne laurdagen.

På programmet står mellom anna:

  • Visning og prøvesitjing av brannbilar
  • Quiz med utdeling av fine premiar
  • Utdeling av informasjonsmateriell
  • Demonstrasjon av utstyret brannvesenet brukar
  • Dei som vil, kan sløkkja ein brann ved bruk av brannsløkkingsapparat
  • Spyling med brannslangar
  • Kaffi og kaker

Bjørnis kjem

I tillegg vil brannbamsen Bjørnis vera tilstades og spreie glede, og dele ut gode og varme klemmar til store og små. Det lokale EL-tilsyn vil også vera tilstades og minna alle på å tenkja EL-tryggleik i kvardagen.

Føremålet med open brannstasjon er å setja brannvern på dagsorden!

  • Ved å informere om viktigheita av å tenkja brannvern, og minne alle på kva ein kan gjera kvar einaste dag for å unngå brann, er viktig for store og små.
  • Denne påminninga skjer gjennom aktivitetane på open brannstasjon.

Velkomen til ein kjekk dag på Oma brannstasjon for store og små!

Oma brannstasjon
Adresse: 
Omavegen 236, 5632 Omastrand

logo Kvam brann og redning - Klikk for stort bilete