Heradsstyremøtet 17.10.2023 er det konstituerande møtet og det skal difor gjennomførast val til ulike utval, råd og verv. Det er sendt ut skriftleg innkalling til heradsstyrerepresentantane via Svar Ut. Representantane finn innkallinga i si digitale postkasse evt. får det tilsendt per papir dersom dei ikkje nyttar ordninga med digital postkasse. Heradsstyrerepresentantane kjem i tillegg til å få e-post med informasjon på si private e-postadresse. Det er dei valde representantane som skal møta. Vararepresentantar blir kontakta dersom dei skal møta.
Snarveg til saklista finn du ved å gå inn på denne lenkja: snarveg sakliste konstituerande HST- møte 17.10.2023.
Snarveg til og informasjon om det elektronisk registreringsskjemaet for folkevalde og samtykke til å ta i mot val/ verv i perioden 2023- 2027 finn du ved å gå inn på denne lenkja: snarveg elektronisk registreringsskjema for folkevalde
Dersom du har behov for ei pdf.fil av møteinnkallinga til det konstituerande møtet 17.10.2023 finn du det ved å gå inn på denne lenkja: Møteinnkalling HST 17.10.2023. Konstituerande møte Du må vera merksam på at vedlegga til dei ulike sakene ikkje vises her. Dei finn du i ved å gå inn på dei ulike sakene i saklisa som det er lenkja til tidlegare i denne artikkelen. Gå inn på aktuell sak du vil sjå. Trykk deretter på menyvalet "Vis detaljer". Du vil då sjå kva vedlegg som er til saka.
Velkomen til det konstituerande møtet!
Ønskjer du å følgje med på møtet digitalt? Finn du lenke til Kommune TV her.