Vennefamilie

Å vera ein Vennefamilie tyder at du mellom anna vil vera ei støtte, ein venn og vegvisar.

Bilde av to ulike familiar samla i latter og glede - Klikk for stort bilete Pixabay

 

Kva er ein Vennefamilie?

Vennefamilie er eit tilbod for nye familiar med innvandrarbakgrunn.

Gjennom dette vil vi nå både foreldre og born og trygge både born og vaksne til å delta i fritidsaktivitetar og andre sosiale aktivitetar, som er ein svært viktig arena for integrering og kontakt med lokalsamfunnet. For å få dette til, er me avhengig av deg som frivillig!

Kva vil det seia å vere ein Vennefamilie?

Vennefamilie skal verke førebyggjande og vere eit inkluderingsprosjekt kor deltakarane inngår ein gjensidig, forpliktande avtale om personlege møte.

Å vera ein Vennefamilie tyder at du mellom anna vil vera ein venn, ei støtte, og vegvisar. Du skal ikkje vera terapeut, psykolog eller ha ansvar for formelle oppgåver, det er det kommunen og flyktningtenesta som tek seg av. Som Vennefamilie skal de bidra til at nye familiar vert inkludert sosialt i lokalsamfunnet. 

Til dømes ved å visa dei rundt, ta dei med på tur, invitere på kaffi, gå på besøk til kvarandre, ete middag saman, bli med på butikken eller ta dei med/introdusere dei for organiserte aktivitetar.

  • Som Vennefamilie bør du ta initiativ til kontakt/aktivitet.
  • Begge familiane har ansvar for minst tre samlingar i koplingsperioden.

Kven kan bli Vennefamilie?

Alle som ynskjer, kan vera Vennefamilie. Me vil likevel tilpassa Vennefamilie til den aktuelle innvandrarfamilien, storleiken på familien, og alderen på borna, der til dømes ei aleinemor blir Vennefamilie med ei anna aleinemor.

Ynskjer du å vera Vennefamilie?

Ta kontakt med Sarifa Moola-Nernæs, prosjektleiar hos Grannehjelpa.
Telefon: 913 66 184 eller e-post: 
sarifa@grannehjelpa.no

Å gå med ein venn i mørket er bedre enn å gå aleine i lyset”
Helen Keller

Ulike menneske som går samla opp ein bakke - Klikk for stort bilete Pixabay