Er du usikker på om du bør vaksinerast?
- Då kan du lesa meir på fhi.no. (Lenke finn du nedst i artikkelen.)
- Eller spørje fastlegen din.
Koronavaksine kan du få samstundes med influensavaksine. Gje beskjed kva du ynskjer når du registrerer deg.
Dersom du nyleg har hatt korona bekrefta med test, anbefalast det 3-4 månader til ny oppfriskingsdose.
Drop-in vaksinering
Hausten 2023 vert det tilbod om drop-in vaksinering mot sesonginfluensa og korona fylgjande stader og tider i Kvam:
Strandebarm: Helsestasjonen
Torsdag 2. november kl 09.30-13.00
Øystese: Holmatun
Fredag 27. oktober kl 09.00-15.00 (OBS! Det står feil dag i HF annonse, papirutgåva tirsdag 17. oktober, rett dag er fredag 27. oktober.)
Fredag 3. november kl 09.00-15.00
Pris for influensavaksine er 200,- Koronavaksine er gratis.
Kun kontant betaling eller Vipps i Holmatun.
Ved kontant betaling, ver venleg å ta med nøyaktig beløp!
Dersom du ikkje har anledning til å møta desse dagane kan du ta influensavaksina hjå fastlegen din
Influensavaksine anbefalast særskild for:
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide i 2. og 3.trimester, og gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko
- Born og vaksne med:
- Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- Hjerte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- Diabetes, type 1 og 2
- Kronisk leversvikt eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom/skade
- Nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
- Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
- Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko
Andre målgrupper:
- Helsepersonell med pasientkontakt
- Personar som bur saman med immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
Koronavaksine
Det anbefalast i haust ny oppfriskingsdose med koronavaksine for:
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre
- Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Gravide i 2. og 3.trimester, og gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko
Lenker til meir informasjon:
Informasjon frå FHI om koronvaksine: Lenke til informasjon om koronavaksine - FHI
Informasjon frå FHI om influensavaksine: Lenke til influensavaksine til risikogrupper - FHI