Kvam herad skal asfaltera frå FV 49 og ned på kaien i Norheimsund.
I det høve vert vegen heilt stengd for bilar i følgjande periode:
- Frå mandag 6.november klokka 23:00
- Til torsdag 9. november klokka 05:00
Det vert ikkje mogleg å parkera på kaien i dette tidsrommet pga fresing av vegbana.
Gåande kan bruka fortauet på kaien som normalt - for å koma seg til dei butikkane ein ynskjer.
Skyss er informert om stenginga, dei vil informere om endra kjøremønster på bussholdeplassen i Norheimsund.
Me takkar for forståinga.