Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Fem råd om ungdom og alkohol Kvam herad er ein Av og til Kommune. I vår kommune arbeider me for godt alkovett.
Redusert foreldrebetaling Har du låg inntekt? Då kan du ha rett på redusert foreldrebetaling i barnehage.
Utviklingsplan for Vestland 2024-2028 - Høyring og offentleg ettersyn 20.06.2024 vert det digitalt høyringsmøte kl. 10.00 – 11.30
Trygve Hoff sin minnepris 2024 Trygve Hoff sin minnepris skal gis til ein person eller gruppe personar som driv kulturarbeid i Trygve Hoff si ånd.
Kikhostevaksine til gravide Frå mai 2024 får alle gravide tilbod om kikhostevaksine i veke 24 av svangerskapet. Vaksina beskyttar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barne...
Val av meddommarar til domstolane og skjønnsmedlemer - Vil du ta på deg eit viktig samfunnsoppdrag? Kvam heradsstyre skal velja nye meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. I tillegg skal heradsstyret koma med forslag til skjøn...
Parkering i Norheimsund ved Kvam rådhus og Norheimsund skule Minner om gjeldande parkeringar og køyremønster for område Grovagjelet og Gamle dalaveg.
Nye namn på BIR sine gjenvinningsstasjonar BIR har sett ombruk tydleg på dagsorden, og i samband med dette endrar BIR sine gjenvinningsstasjonar namn til miljøpark og den mobile gjenvinningssta...