Utviklingsplan for Vestland 2024-2028 - Høyring og offentleg ettersyn

20.06.2024 vert det digitalt høyringsmøte kl. 10.00 – 11.30

Invitasjon til utviklingsplan for Vestland 2024-28. Bilde av ungdom med prideflagg. - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune

 

Velkommen til webinar 20. juni om høyring og offentleg ettersyn for Utviklingsplan for Vestland 2024 - 2028

Utviklingsplan for Vestland 2024-2028 er Vestland fylkeskommune sin regionale planstrategi etter plan og bygningslova § 7-1. Planstrategien definerer langsiktige mål for samfunnsutviklinga, prioriterer strategiar for å oppnå måla og slår fast kva regionale planar vi skal utarbeide, revidere eller vidareføre dei neste fire åra. Planstrategien skal setje strategisk retning for samfunnutviklinga, bidra til å samordne offentleg sektor og mobilisere resten av samfunnet.

 

Forslag til regional planstrategi sendast ut på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova § 7-2. Fristen for å komme med uttalelse skal vere minst seks veke. Planstategien vedtakast av regional planmynde. Statlege og regionale organ og kommunar skal leggje den regionale planstrategien til grunn for det vidare planarbeidet i regionen. 

Forslaget leggjast ut til høyring frå 14. juni med frist 2. september 2024. 
Her kan du lese meir om planprosessen knytt til ny utviklingsplan for Vestland. 

Meir informasjon og lenke til nettside med høyringsutkast kjem.

 

Vestland fylkeskommune inviterer digitalt møte i samband med at forslag til ny utviklingsplan vert lagt på høyring og offentleg ettersyn. Her vert det orientert om utviklingsplanen for 2024-2028, og vi introduserer nytt digitalt høyringsverktøy. Det vert høve til å stille spørsmål.

Tid og stad: 20.06.2024, kl 10.00 – 11.30

Møtet er digitalt med studio i Vestlandshuset. 

Trykk her for meir informasjon om program for møtet og for møtelenke.