Parkering i Norheimsund ved Kvam rådhus og Norheimsund skuleMinner om gjeldande parkeringar og køyremønster for område Grovagjelet og Gamle dalaveg.ParkeringParkering på rådshusområde er berre for besøkjande og tenestebilar.Sjå merka område på kart under. Tilsette i Kvam herad som jobbar på rådhuset eller Norheimsund skule skal parkera på grusbana eller andre kommunale parkeringsplassar.Andre kommunale parkeringsplassar i Norheimsund er:Gjermundsbakken (Område lengst vekk frå Kassen og deira parkering.)Hardanger brygge v/ stranda (gamle meieritomta)Asfaltert område på øvre plan v/ Spar butikken. Merka parkering bak grusbana (ref. bilde under)Sjå P-merking på bilde øverst._____________Alle som har langtidsparkert eit køyretøy, ein hengar eller liknande på ei kommunal parkering i Norheimsund må fjerne desse så snart som råd så plassane vert frigjort til menneske som treng dei i kvardagen. Les meir om parkering på kommunale plassar her._____________EinvegskøyringGrovagjelet er einvegskøyrt, følg skilting. Innkøyring frå fv 49 ved Mo Sport, utkøyring ved Kv 1017 Gamle Dalavegen. Kv 1021 Gamle Sandvenvegen er stengt for biltrafikk.Nyregulert veg frå desember 2023Gamle Sandvenvegen vart frå 20. desember regulert som gang- og sykkelveg, det vil seie at vegen er stengd for gjennomkøyring. Følg skilting.Frå Grovagjelet er det ikkje tillate å køyre forbi Gamle sandvenvegen 46Og frå Haugamyrvegen er det ikkje tillate å køyre forbi Gamle Sandvenvegen 59 med motorkøyretøyUnngåParkering langs einvegskøyrte Grovagjelet mellom rådhuset og Norheimsund skuleParkering på Handikap parkering (sjølv om det er is og snø på merkinga i asfalten)Å parkere på parkeringa til næringsdrivane i Norheimsund som til dømes øvre område ved Spar/Hardanger trening, ved Kassen, i sentrum, på kaien o.l. Takk!Sjekk også ut Trygg trafikk kampanjen for april "Takk for at du rygga inn"!" Publisert av Connie Langeland Sist endra 24.04.2024 09:21