Kikhostevaksine til gravide
Frå mai 2024 får alle gravide tilbod om kikhostevaksine i veke 24 av svangerskapet. Vaksina beskyttar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månadars alder.
FHI
Vern barnet ditt mot kikhoste
Kvifor bør gravide ta kikhostevaksine?
- Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjere små barn alvorleg sjuke. Sjukdomen er farlegast for uvaksinerte barn under 1 år.
- Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder.
- Kikhostevaksinen blir tilboden gravide i store delar av verda, og gjev spedbarn godt vern mot kikhoste.
Korleis verkar vaksinen?
- Gravide som tek vaksine, lagar vernande antistoff. Antistoffa blir overførte vidare til barnet i magen.
- For at barnet skal få vern, må du få vaksine medan du er gravid – uansett når du fekk førre vaksine mot kikhoste
Under og etter vaksinasjon
- Vaksinen blir tilrådd ved svangerskapskontrollen i veke 24.
- Vaksinen blir gjeven med eitt sprøytestikk i overarmen.
- Det er vanleg å få litt vondt på stikkstaden, og det kan òg bli litt raudt og hovent. Enkelte får feber, vondt i musklane og kjenner seg litt sjuke eller utmatta. Dette går vanlegvis over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar.
- Det er ikkje vist at barn får biverknader når mor blir vaksinert mot kikhoste i svangerskapet.
- Kontakt helsepersonell dersom du har spørsmål eller er bekymra for plager/sjukdom etter vaksinasjon
Meir informasjon finn ved å følge denne lenka til FHI sin nettstad
____________________
Engelsk
INFORMATION ABOUT WHOOPING COUGH VACCINE FOR PREGNANT WOMEN (PDF, 255 kB)
Litauisk
INFORMACIJA APIE SKIEPUS NUO KOKLIUŠO NĖŠČIOSIOMS (PDF, 256 kB)
Publisert av Connie Langeland
Sist endra 04.10.2024 15:35