Nye namn på BIR sine gjenvinningsstasjonar


BIR har sett ombruk tydleg på dagsorden, og i samband med dette endrar BIR sine gjenvinningsstasjonar namn til miljøpark og den mobile gjenvinningsstasjonen blir til miljøbussen.

sommarbilde av BIR Sandvenhagen - Klikk for stort bilete Geir Sigurd Handegard

 

Samtidig vil vi innføre gratis innlevering av ombruksvarer ved miljøparkane og
til miljøbussen. Dette skjer frå 29. februar 2024.
Etter kvart som dagens brukthallar vert oppgradert til ny standard, vil desse skifte namn til ombruksmarked. Askøy og Kvam er gjort klar for dette.

Som del av BIR sitt arbeid med å utvikle meir sirkulære løysningar ønskjer vi å legge betre til rette, både for kundane våre og for eigne medarbeidarar, slik at ombruk vert ein hovudprioritet på gjenvinningsstasjonane (miljøparkane). I løpet av 2024 er det planlagt fleire fysiske endringar og tiltak for å fremje dette.
 

I samband med dette ønskjer BIR at også namna på stasjonane våre skal gjenspegle denne endringa og følgjande namneendringar er bestemt:

  • Gjenvinningsstasjon blir til miljøpark
  • Mobil gjenvinningsstasjon blir til miljøbuss
  • Brukthall blir til ombruksmarked
     

Det er samtidig eit arbeid på gang med å endre dei ulike miljøparkane slik at ombruk og reparasjon vert eit tydelegare og meir opplagt tilbod for kundane våre, både ved innlevering av brukbare gjenstandar og for dei som ønskjer å bruke ombrukstilbodet. På lengre sikt vil også tilbod om reparasjon verte ei større satsing, men då gjerne i samarbeid med eksterne aktørar som har rett
kunnskap og kompetanse om dette.

Endringar på gang

Dei første endringane er allereie på plass ved at dagens skilt er profilert om til «Velkommen til Miljøparken». For å gjere kundane meir merksame på at mykje av det dei leverer til BIR kan har verdi for andre, vil vi samtidig innføre gratis innlevering til ombruk. Dette vart innført i Kvam ved opninga av ny stasjon i 2022 med og godt resultat.


Brukthallane på Kvam og Askøy vil frå same tidspunkt verte oppgradert til ombruksmarked, noko som i tillegg til ny profil, også medfører betre fysiske fasilitetar og tilrettelegging for omløp av brukbare gjenstandar.


BIR Nyverdi AS har i over eit år hatt vekevis ombruksbutikk i vår nedlagde bilverkstad i Møllendalsveien 40 i Bergen. Dette har vist seg å vere eit svært ettertrakta tilbod, der stadig nye kundar finn vegen til butikken kvar tysdagar mellom kl. 14-19. Erfaringane herifrå viser at det å gi brukbare gjenstandar ein rimeleg pris har hatt ein positiv effekt. Kundane ser ein tydelegare bruksverdi av det som er tilgjengeleg, og vi opplever samtidig at det er disiplinerande overfor
kundar som elles tar med seg meir enn dei treng.


Vi ønskjer å ta med oss erfaringane frå Møllendalsveien 40 når brukthallane gradvis blir omgjort til ombruksmarked, sjølv om det kan vere eit litt anna konsept. Derfor planlegg vi å teste betaling ved uttak frå ombruksmarknadane i Kvam og på Askøy. Dette vil danne grunnlaget for å vurdere om det
bør verte ei permanent løysing på alle ombruksmarknadane. Målet er å tydeleggjere at ombruksvarer har ein verdi som nokon andre kan ha nytte av.


På lengre sikt er desse endringane del av den overordna strategien for vidareutvikling av BIR sine gjenvinningsstasjonar, som vi kallar «Den nye kundereisa». Figuren under illustrerer vår intensjon om å rettleie kundane gjennom heile prosessen, både når dei planlegg besøk og når dei møter vårt
tilbod. Dette inneber at fokus på ombruk og etter kvart reparasjon skal vere tydeleg – både i bevisstheita og i møte med BIR. Samtidig vil vi oppretthalde og vidareutvikle tilbodet om forsvarleg handtering av farleg avfall, samt leggje til rette for betre sortering av avfall som skal til material- og energigjenvinning.

 

illustrasjon. BIR sin intensjon om å rettleie kundane gjennom heile prosessen, både når dei planlegg besøk og når dei møter vårt tilbod. - Klikk for stort bilete BIR

 


Profilering

I samband med endringane skissert over blir også nokre av BIR sine profilar/skilt endra:

ny grafisk profilering for BIR Miljøpark Miljøbuss Ombruksmarked - Klikk for stort bilete



I løpet av 2024 skal BIR gjennomføre eit merkevareprosjekt som blant anna vil resultere i ein oppdatert grafisk profil for BIR.
 

Informasjonsskilt langs offentleg veg

I dag finst det ulike typar skilting for å informere om gjenvinningsstasjonane langs offentleg veg. Dei fleste i fylkeskommunal veg, men nokre stader også i kommunal veg. Endring og opprydding av desse skilta vil komme på eit seinare tidspunkt i dialog med rette vegmynde/vegeigar.
 

Oppdatering av heimesider med meir

I samband med namneendringa, er det behov for endringar av BIR si heimeside og andre informasjonskanalar. Vi har kartlagt der det er naudsynt å gjere endringar, både på vår eiga heimeside, men også på eigarkommunane sine sider. BIR vil ta direkte kontakt med ansvarleg i dei einskilde kommunane, slik at informasjonen vert oppdatert.


BIR vil i ein overgangsperiode bruke både miljøpark og gjenvinningsstasjon på vår heimeside og i annet informasjonsmateriell, slik at innbyggjarane og andre kundar framleis vil finne informasjon om gjenvinningsstasjonar og kunne søkje etter dette. Kor lenge vi vil bruke begge namna er ikkje avklart.
 

Nærare informasjon om namneendringane og andre endringar i vårt tilbod vil fortløpande bli oppdatert på bir.no. 

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål til dette eller noko er uklart.

BIR Nyverdi AS