Rygg inn, køyr ut!

Det er mange gode grunnar til at du bør rygga inn på parkeringsplassen.

Trygg trafikk annonse for april 24. Rygg inn køyr ut! - Klikk for stort bileteRygge i samanheng med parkering? Rygg inn og få god oversikt når du køyrer ut. Smart, ikkje sant? #trafikktryggleikskultur

 

Sjølv om farten er låg, skjer det ofte ulukker på parkeringsplassar. For å unngå å treffa noko eller nokon, i verste fall, er det lurt å rygga inn i lomma og parkera med fronten ut. Rygg inn – kjør ut!

Her får du fleire gode grunnar til at du bør parkera med fronten ut:

  • Du har bedre oversikt når du kjem til parkeringsplassen og det er difor tryggare å rygga inn.
  • Det kan vera enklare å oppdaga gåande og andre køyrande når du står parkert med fronten ut.
  • Alvorlege ulukker skjer på parkeringsplassar, og små barn er særleg utsatt. Dei har ikkje same risikoforståing som oss vaksne, dei er små og vanskeleg å oppdaga i blindsona.  
  • Kvart år opplev over 100 000 bilistar uhell ved rygging. Det utgjer bilskadea for over 100 millionar kroner i følge forsikringsselskapa.

 

Meir informasjon om månadens tema finn du på Trygg trafikk sine sider via denne lenka

Les meir om Kvam trafikksikkert herad her

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.