Val av meddommarar til domstolane og skjønnsmedlemer - Vil du ta på deg eit viktig samfunnsoppdrag?


hammer-802301__340Kvam heradsstyre skal velja nye meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. I tillegg skal heradsstyret koma med forslag til skjønnsmedlem. Valperioden gjeld frå og med 1.1.2025 til og med 31.12.2028.  Er du villig til å ta på deg eit viktig samfunnsoppdrag? 

Kriterium:

Den som skal veljast må ha tilstrekkeleg norskkunnskapar, alminneleg god digital kompetanse og vera personleg egna for oppgåva.

I tillegg må du:

  • vera mellom 21 og 70 år
  • stå innført i manntalet i kommunen 
  • ha stemmerett og vera valbar til heradsstyre når perioden startar 
  • vera norsk eller nordisk statsborgar eller vera folkeregistrert som busett i Norge dei tre siste åra
  • vera lovlydig (ikkje vera dømd for visse straffbare forhold eller vera under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller vera i konkurskarantene) 

Vandelen til dei som melder si interesse vil bli kontrollert. Samansetjinga av utvala skal så langt råd er samsvara med befolkninga i kommunen. Heradsstyret vil difor velja ut meddommarar og skjønnsmedlemer etter alder, kjønn, yrke, og etnisk bakgrunn. Opplysningar om dei ulike domstolane finn du ved å gå inn på heimesida til Norges Domstoler

Skjønnsmedlemer

I kvart fylke skal det vera eit utval av skjønnsmedlemer. Utvalet er felles for lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. Det er Fylkestinget som gjennomfører sjølve oppnemninga etter forslag frå tingretten og kommunestyra/ heradsstyra i fylket. Eit skjønnsmedlem har ein god kompetanse eller spesialkompetanse innanfor eit område. Domstolane har særleg behov for skjønnsmedlemer med kompetanse innan ulike sider for verdifastsetting, bruk og drift av fast eigedom (t.d. takstmann og meglar), plan - og reguleringsprosessar, bygg- og anleggsverksemd, økonomi, revisjon og rekneskap. 

Kan du tenkja deg det viktige samfunnsoppdraget som meddommar eller skjønnsmedlem? 

Dersom du ønskjer å stilla til val som meddommar eller skjønnmedlem så kan du gå inn på registreringsskjemaet her: Lenkje til elektronisk skjema KK0087innan 20.4.2024. Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk ID. NB! Dersom du ikkje får opp skjemaet med det same, så kan det henda at du må skifta nettlesar. 

Me treng følgjande opplysningar frå deg:

Desse opplysningane om deg er ferdig utfylt for deg når du loggar inn i skjemaet:

  • Fullt namn
  • Fødselsnummer
  • Di folkeregistrerte adresse. Kontroller likevel om denne stemmer.

Desse opplysningane må du sjølv passa på å fylla ut:  

  • Telefonnummer
  • Yrke/ Spesialkompetanse 
  • Stilling
  • Kryssa av for kva rettsinstans du ønskjer verv. Du må velja mellom Hardanger tingrett eller Gulating lagmannsrett. Du kan ikkje vera representert i begge. Du har høve til å velja jordskifteretten åleine eller velja jordskifteretten i tillegg til Hardanger tingrett eller Gulating lagmannsrett.  Dersom du berre vil vera skjønnsmedlem, så har du også høve til å kryssa av for dette. 
  • Hugs å kryss av for at du stadfestar at du ikkje er under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller er i konkurskarantene.  Dette siste er ei økonomisk eigenevaluering. 

 

Kontaktpersonar: 

Leiar i Kvam valnemnd: Varaordførar Frode Nygård tlf.: 950 81 283

Kari Weltzien Vik, administrativ rådgjevar tlf. : 995 43 057 kwvi@kvam.kommune.no