Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Kommunedelplan for overvatn 2024-2033 Kvam heradsstyre vedtok 25.9.2024 å leggje «kommunedelplan for overvatn 2024 – 2033» ut på høyring i 6 veker.
Planstrategi for Kvam herad 2024 er lagt ut på høyring Hovudføremålet med ein kommunal planstrategi er å klargjera kva for vedtekne planar som skal vidareførast, kva for planar som bør reviderast eller opp...
Oktober - Nasjonal månad for trygging av data. Phishing eller fisking etter brukernamn, passord, kontonummer eller andre data som kan nyttast til å få tak i informasjon om oss brer om seg. Dagleg a...
Faktura kommunale gebyr Faktura for kommunale gebyr er no sendt ut til alle eigarar av eigedom i Kvam herad.
Dialektfestival i Strandebarm Fredag 27. - søndag 29. september er det duka for ny Dialektfestival i Kvam.
Lurer du på om eit barn kan vera utsett for vald eller overgrep? Saker som handlar om vald og overgrep mot barn er kompliserte og krevjande. Det er ekstra utfordrande fordi dei ofte rører ved tabu og vanskelege kjen...
Investeringstilskot til idrettsanlegg Investeringstilskotet til Vestland fylkeskommune skal medverke til at regionen får fleire store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ...
Kunstutstilling på Nes Gardssag Kunstutstillinga som står fram til 15.9.24 er ein del av Kulturminnedagane - 24 i samarbeid med Kvam herad.