Lurer du på om eit barn kan vera utsett for vald eller overgrep?

Saker som handlar om vald og overgrep mot barn er kompliserte og krevjande. Det er ekstra utfordrande fordi dei ofte rører ved tabu og vanskelege kjensler hjå folk flest.
Når ein kjenner på uro for born og unge, er det viktig å søkja råd og rettleiing så tidleg som råd for å tryggja at barnet får hjelp.

Bilde av konsultasjonsteamet i Kvam herad - Klikk for stort bilete Synnøva Alsaker

Kvam herad har ei tverrfagleg samansett faggruppe, eit konsultasjonsteam, som kan gje råd og rettleiing om korleis du kan koma vidare med slik uro. 
Alle kan søkja råd og få si bekymring drøfta i teamet. Drøftingane skjer anonymt, og teamet har teieplikt. Teamet har kun rådgjevande funksjon. Faggruppa har fått opplæring og rettleiing frå ressurssenteret RVTS Vest og jobbar etter faglege retningsliner for slik rådgjeving. 

Kven er med i teamet? 

  • Barneverntenesta
  • Helsestasjon/skulehelseteneste (helsesjukepleiar og skulelege) 
  • Familiesenteret v/familierettleiar og psykolog for barn og unge
  • Pedagogisk-psykologisk Teneste (PPT)
  • Politiet
  • Tannhelsetenesta   

Kven kan ta kontakt? 

Alle personar som er i kontakt med born og unge, kan kontakta teamet. Det gjeld for: 

  • Dei som arbeider med born og unge
  • Lag og organisasjonar
  • Kyrkja eller andre fellesskap der born møtast og oppheld seg
  • Privatpersonar.

Ta gjerne med deg ein kollega, næraste leiar eller andre du er trygg på til rådgjevinga.  Det er valfritt om ein ynskjer rådgjeving fysisk eller digitalt.  

Korleis ta kontakt? 

Har du behov for å drøfta ei slik bekymring, kan du ta kontakt med oss for å avtala tid, tlf. 56 55 30 50 eller e-post: konsultasjonsteamet@kvam.kommune.no . Merk: sensitive opplysingar skal ikkje sendast per e-post, som kun nyttast til å oppretta kontakt. 
 
Dersom du har eller får informasjon om barn som fortel at dei vert utsett for vald eller overgrep, må du ta direkte kontakt med barneverntenesta eller politiet. I slike høve har ein plikt til å melda eller avvergingsplikt. For meir informasjon om dette sjå plikt.no.

Komande datoar for møte i konsultasjonsteamet 

  • 7. mai 2025 kl. 12.30–15.30
  • 4. juni 2025 kl. 12.30–15.30
  • 27. august 2025 kl. 12.30–15.30
  • 22. september 2025 kl. 12.30–15.30
  • 29. oktober 2025 kl. 12.30–15.30
  • 24. november 2025 kl. 12.30–15.30
  • 26. januar 2025 2025 kl. 12.30–15.30