Planstrategi for Kvam herad 2024 er lagt ut på høyring

Hovudføremålet med ein kommunal planstrategi er å klargjera kva for vedtekne planar som skal vidareførast, kva for planar som bør reviderast eller opphevast og nye planar.

Heradsstyret skal vedta kommunal planstrategi for Kvam herad seinast innan utgangen av eitt år etter konstituering.

Det er eit krav at planstrategien skal ligge ute offentleg i minst 30 dagar før vedtak i Kvam heradsstyre.

Planstrategien til Kvam herad vert no lagt ut på høyring, frist for innspel er 10. november 2024. Innspel senast til postmottak@kvam.kommune.no

Lenke til planstrategi og kunnskapsgrunnlaget og folkehelseoversikta: