Investeringstilskot til idrettsanleggInvesteringstilskotet til Vestland fylkeskommune skal medverke til at regionen får fleire store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Tilskotet skal òg stimulere til etablering av idrettshall og/eller svømmehall i kommunar som ikkje har dette.Kommunar og andre anleggseigarar kan søkja om investeringstilskot til:arenaer for større nasjonale og internasjonale meisterskapidrettshall / symjehall i kommunar som ikkje har dette Fylkeskommunalt investeringstilskot vert berre løyvd til faste bygg/anlegg. Anlegget det vert søkt om støtte til, skal vere forankra i ein vedteken kommunal plan som omfattar fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Vestland fylkeskommune kan gje inntil kr 2 mill. i støtte til kommunar som ikkje har symjebasseng og/eller idrettshall og som vil byggja denne type anlegg.Vestland fylkeskommune kan gje støtte til kostnadskrevjande idrettsanlegg, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Storleiken på tilskotet vert vurdert utifrå godkjent finansieringsplan, ev. godkjend kostnadssum på spelemiddelsøknaden og ev. tilskot frå andre fylkeskommunale støtteordningar. Søknadsfrist: 1. oktober 2024For meir informasjon om ordninga, sjå Vestland fylkeskommune sine nettsider. Søknader må sendast via kommunen. Kontaktperson i Kvam herad er Heidi Ørjansen, 90541203/ heiorj@kvam.kommune.no. Publisert av Heidi Ørjansen Sist endra 28.08.2024 10:12