Dialektfestival i Strandebarm

Fredag 27. - søndag 29. september er det duka for ny Dialektfestival i Kvam.

Arbeidet med festivalen starta då Kvam herad auka løyvingane til festivalar, og dette er andre året Dialektfestivalen får tilskot frå Kvam herad og vert arrangert. Ei gruppe i Strandebarm har sett nærmare på strandebarmsdialekten - som du finn eiga nettside til på lenka her. Denne dialekten til liks med andre dialektar er vel verd ein festival. Kvam mållag er også med på dette arbeidet.

Denne helga vil du finna noko for språkinteresserte i alle aldersgrupper!

Programmet for Dialektfestivalen 2024 finn du her.

Andre støttespelarar: Kvam folkeakademi og Fossestiftinga, Kvam soge- og kulturminnelag og Kvam herad.