Tryggare skuleveg i Fitjadalsvegen – nytt fortau ferdigstilt!
Måndag 30. september 2024 vart det nye fortauet og den utvida vegen i Fitjadalsvegen overlevert frå GBS Entreprenør til Kvam herad. Det 500 meter lange vegstrekket, som no strekkjer seg frå fylkesvegen og opp forbi det nye bustadfeltet Torebøen, er no ferdig utbygd med både fortau, utvida veg og nye veglys. Samtidig er det installert eit nytt vass- og avløpsanlegg.
Det nye fortauet sikrar ein tryggare veg for gåande heilt frå Torebøen til sentrum, noko som har vore etterspurt i lang tid. Prosjektet er del av ein utbyggingsavtale mellom private og Kvam herad, og Statens Vegvesen har bidrege med 1 million kroner i trafikksikringsmidlar.
Arbeidet starta i februar og vart ferdigstilt til avtalt tid. Det gjenstår kun mindre detaljar, hovudprosjektet er fullført utan skader eller klager frå naboar eller trafikantar. Tiltaket har fått gode tilbakemeldingar frå både byggherre og lokalsamfunnet, og samarbeidet mellom Kvam herad og GBS Entreprenør har fungert særs godt.
Det har vore viktig å halde vegen stengd under anleggsarbeidet for å sikre effektiv framdrift og tryggleik for alle partar. Bilistane har akseptert omkøyring via byggefeltet i Kyrhagen, noko som har bidrege til at arbeidet vart gjennomført på kortare tid.
Særleg ros går til Håvard Soldal og Halvor Torpe, som har gjort mesteparten av arbeidet. Dei har fått skryt for si positive haldning og serviceinnstilling. Prosjektleiarar Knut Endre Øyri og Trygve Børven i GBS samt byggjeleiar i Kvam herad, Øystein Ølmheim, har sikra god framdrift og kvalitet i prosjektet. Overtakinga vart feira med ros til GBS og ein velfortent matbit til dei flinke anleggsarbeidarane.
Med det nye fortauet på plass er det sett ned ei fartsgrense på 30 km/t langs strekninga, mot tidlegare 50 km/t. Dette er eit viktig tiltak for å sikre trygg ferdsel, særleg for born og skuleelevar. På eit lite strekk av vegen har det ikkje lukkast å få grunnavtale til å utvide til to køyrebanar, men tryggleiken til fotgjengarar er prioritert. Her vil bilistane måtte dele køyrebanen over ei kort strekning, noko som vil redusere farten og auke tryggleiken. Dette vert nok diskutert og opplevd som frustrerande for dei som ikkje har tid til å avsjå 15-20 sekundar, men forhåpentlegvis er dei i mindretal.
Kvam herad oppmodar alle trafikantar til å respektere den nye fartsgrensa, slik at ein slepp å innføre fartshumpar eller andre tiltak i framtida. Bruk vegen trygt, og nyt den nye skulevegen med glede!
Lukke til med det nye fortauet!