Kommunedelplan for overvatn 2024-2033Kvam heradsstyre vedtok 25.9.2024 å leggje «kommunedelplan for overvatn 2024 – 2033» ut på høyring i 6 veker.Sentrale føringar tilrår at kommunen har ein overordna kommunal strategi for handtering av overvatn. Det er i dag ikkje nokon overordna felles strategi for behandling av overvatnet i Kvam herad, og korleis dette skal planleggast og handterast i søknad og saksbehandling.Denne kommunedelplanen omtalar kva som er sentrale føringar og krav, ansvaret for overvatnet og strategi for handtering av overvatnet. Planen omtalar også kva tiltakshavar må gjere i større og mindre tiltak.I samband med planen er det utarbeida ei kartløysing som kan nyttast ved søknader om tiltak eller i samband med regulering.Planen er på høyring fram til 26. november.Vedtaket med saksopplysningar, sjølve planen og den nye kartløysinga finn du her; Vedtak og saksopplysingar (inkl. plan og vedlegg)Kommunedelplan for overvatn 2024 - 2033Kartløysing Dersom du har innspel til høyringa, kan desse sendast til:Kvam herad Grovagjelet 165600 Norheimsund eller på e-post til kvam herad, postmottak@kvam.kommune.no .Merk brev eller e-post med: Høyringsinnspel, kommunedelplan for overvatn Publisert av Svein Egil Kvale Sist endra 15.10.2024 11:19