Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Førebygging av luftvegsinfeksjonar Det nærmar seg jol eit tid der mange er samla på tvers av generasjonar, herad, fylke og landsdelar. Så langt har ikkje smittetala med influensasjukdom ...
Kveldskurs i norsk for innvandrarar frå januar Kvam vaksenopplæring startar kveldskurs i grunnleggjande norsk retta mot nivå A2-B1 og B1-B2 . Meld deg på innan 12. januar 2025
Opning av pumpestasjon på Tolo Onsdag 18. desember var leverandørar, driftsoperatørarar og publikum inviterte til å markera at den nye og moderne spillvasspumpestasjon på Tolo er fe...
Vaksinering hausten 2024 og vinteren 2025 Det er ikkje for seint å ta vaksine mot influensa, Covid-19 og pneumokokksjukdom!
Kvam kulturskule og Kvam bibliotek er miljøfyrtårn-sertifisert 19. august vart Kvam kulturskule og Kvam bibliotek Miljøfyrtårn-sertifisert. No har me fått det synlege beviset av ordførar Torgeir Næss. Miljøfyrtårn ...
Kvam ungdomsråd sin uttale til budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 Kvam ungdomsråd har handsama budsjettsaka på sitt møte 5.12.2024 og har skrive ein eigen uttale.
Utlånssentral opnar i januar Snart kan innbyggjarane i Kvam låna utstyr til sport og fritid – heilt gratis! Torsdag 9. januar opnar BUA Kvam dørene til den nyoppussa storstova i d...
Rosemalarar i Hardanger Onsdag 4.12 kl 18 00 på Hardanger fartøyvernsenter presenterer Sverre Strandenes boka “ Rosemalere i Hardanger” . Boka inneheld omtalar av rosemalarar ...
Budsjettframlegg for 2025 I heradsstyremøtet 14.11.24 vart rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2025 og økonomiplan 2025-2028 presentert.
Er du førebudd om ei krise oppstår? Me er heldige som bur i Noreg, og Kvam herad. Her har me stort sett det me treng for å ha eit godt liv. Tilgang på straum, vatn, internett og mobilnet...