Folkehelseinstituttet melder om at årets sesongvaksinasjon er godt i gang. Totalt er det på landsbasis sett nesten ein halv million dosar koronavaksine og over 1 million influensavaksinar. I Kvam er det gjennomført fire vaksinasjonsdagar med fellesvaksinasjon i Ålvik, Øystese og Strandebarm. Det vart her sett om lag 1200 dosar av influensavaksine, og om lag 1000 dosar av koronavaksine. I tillegg er det også sett mange dosar på fastlegekontor og på apotek.
På landsbasis er det eit mål om nå 75 % vaksinasjonsdekning for influensa- og koronavaksine. Data frå Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK) viser at per 10. november har 55 % av befolkninga som er 65 år eller eldre takka ja til influensavaksine og 39 % til koronavaksine. FHI ønskjer difor at fleire eldre skal ta vaksinene.
Ikkje teke influensavaksine – kvar kan eg få denne?
Alle personar over 65 år og personar i risikogrupper er tilrådd å ta vaksine. Ver særleg merksam på at barn også kan vere i risikogruppe òg er tilrådd å ta influensavaksine. Dersom du ønskjer å ta influensavaksine, kan du få denne hjå fastlegen, eller på apotek. Barn i under skulealder som tilhøyrer ei risikogruppe skal kontakte helsestasjonen for vaksine.
Meir informasjon om vaksine og risikogrupper finn du her: Influensavaksine til risikogrupper - FHI
Ikkje teke koronavaksine – kvar kan eg få denne?
Alle personar over 65 år, og personar i risikogrupper, er tilrådd å ta vaksine. Dersom du ønskjer å ta koronavaksine, er denne tilgjengeleg hjå fastlegen. Kontakt fastlegekontoret for å avtale tidspunkt for vaksinasjon. Vaksinasjon med koronavaksine er gratis for personar i målgruppene.
Meir informasjon om vaksine og risikogrupper finn du her: Koronavaksine - FHI
Ikkje gløym pneumokokkvaksine – ta dette opp med fastlegen din!
Pneumokokkar er ein bakterie som kan gje eit alvorleg forløp med lungebetennelse og sepsis (blodforgiftning), med behov for sjukehusinnlegging. Alle personar over 65 år er tilrådd å ta denne vaksina. Vaksina er også tilrådd ved fleire kroniske sjukdomar, og einskilde andre sjukdomar som fører til auke risiko for alvorleg pneumokokksjukdom. Den skal takast kvart 6. år. Ta opp med fastlegen din om det tid for å ta ny vaksine, eller om du tilhøyrer ei risikogruppe. Du kan også sjekke på helsenorge.no kor tid du tok vaksine sist. Du treng resept hjå fastlege for å få henta ut vaksina på apoteket.
Meir informasjon om vaksine og risikogrupper finn du her: Pneumokokkvaksine til risikogrupper - FHI