Prosjektleiar Erling Eid overleverte stasjonen til driftsavdelinga, og driftsleiar for VA, Silje Hausberg Tjosås, tok imot nøkkelen til den nye stasjonen. Eid takka leverandørane for godt utført arbeid og samarbeid. Arbeidet som er utført har vore utfordrande med omsyn til eksisterande veg og leidningsanlegg som skulle vera i drift under utføringa. Arbeidet har kravd nøyaktige utrekningar og målingar for å oppnå rett fall. Eit utfordrande sprengingsarbeid er utført utan skade, og djupe grøfter og grop til pumpestasjonen er utført av dugande maskinførarar i KMT. Det er gjort framifrå arbeid med SHA og tryggleiken til dei som arbeider på anlegget og dei forbipasserande. Arbeidet er utført utan skade, og tryggleiken har vore godt ivareteken under utføringa.
Fekk vera med ned i pumpestasjonen
Opning av spillvasspumpestasjonen på ToloDei frammøtte fekk omvising i stasjonen, forklaringar om funksjonen til avlaupsnettet og pumpestasjonen, det vart servert kaffi og kake .
Det er sjeldan at slike installasjonar, som er lite kjende for vanlege folk, får merksemd og vert viste fram. Det er i dag krav om reinsing av avlaupsvatn for å ivareta miljøet og hindre forureining til grunn og sjø. Avlaupsvatn frå abonnentar må førast fram til reinseanlegg via røyrsystem og pumper. Den nye spillvasspumpestasjonen er ein av 28 stasjonar som inngår i det kommunale hovudspillvassnettet som overfører avlaup frå Kvamskogen og Norheimsund til reinseanlegget i Øystese. Vatn- og avlaupsleidningar vert bygde og drifta etter sjølvkostsystemet, der brukarane, det vil seie alle abonnentane som er tilknytt avlaupsnettet, vert belasta dette.
Den nye stasjonen og tilhøyrande leidningsnett har ein total kostnad på 17 millionar kroner. Byggetida inkludert prosjektering har vore om lag 2 år. Prosjektering og val av løysingar er utført av prosjektavdelinga i Kvam Herad og rammeleverandør Sweco. Arbeidet vart delt i to entreprisar: Xylem Water Solutions fekk leveransen av pumpestasjonen, medan Kvam Maskin og Transport AS med underleverandør Hordaland Røyrteknikk fekk grunnarbeidet gjennom konkurranse i rammeavtale.
Innsida av pumpestasjonen på ToloDen gamle spillvasspumpestasjonen på Tolo har over fleire år levd på overtid. Stasjonen vart opphavleg bygd på nedsida av fylkesveg 79, men utbygging av eit trelastlager gjorde vedlikehald og oppgraderingar vanskelege. Planar om ny stasjon har pågått i femten år, med utfordringar knytte til grunnforhold, reguleringsplanar og flaumsikring. Til slutt vart eit nytt område på motsett side av fylkesvegen valt, der Kvam Herad er grunneigar. Grunnundersøkingar viste gode forhold, og søknad om reguleringsendring vart godkjend i 2023.
Den nye spillvasspumpestasjonen er 8,5 meter djup, med botn 0,9 meter under havnivå. For å sikre drift og tryggleik for operatørarar er det bygd eit eige maskinrom, skilt frå pumpesumpen, som gir trygg tilgang og eit godt arbeidsmiljø. To pumper med effekt på 22 kW er installerte, og ein ny trafo leverer 400V til stasjonen, samstundes som den er tilrettelagd for framtidig utbygging. Dei nye pumpene og leidningsanlegget reduserer straumutgiftene med om lag 1/3, noko som gir store økonomiske og miljømessige fordelar.
Mykje utskifting av gamle leidningar
Det er òg utført omfattande arbeid med utskifting av eksisterande VA-leidningar langs fylkesvegen. Det er lagt til rette for tilkoplingar for framtidig utbygging på nedsida av fylkesvegen. Grunna dårleg tilstand på leidningsnettet vart lengre strekk enn planlagt skifta ut for å unngå lekkasjar og røyrbrot. Dette førte til auka kostnadsramme for prosjektet. Arbeid med grøfter i veg medfører behov for trafikkregulering og kostnader knytte til reetablering av veg og vegdekke. Trafikantar og gåande har i anleggstida måtta avfinna seg med regulering i form av lysregulering og omlagde gangvegar.
Vindeltrappa ned til sumpen på pumpestasjonen på ToloGjennom prosjektet har kommunen, fylkeskommunen og også private utbyggjarar samarbeidd og bidrege for å sikre kapasitet og flaumsikring for framtidig utbygging. Ekstra røyr er lagt ned for oppdimensjonering av overvatn gjennom fylkesvegen, i tråd med krava for nye utbyggingsplanar. På lengre sikt skal bekken opnast opp og førast til sjøen, noko som vil sikre trygge flaumsikringar. Dette viser at godt samarbeid gir gode løysingar.
Det er ei glede at pumpestasjonen no er i drift.
Kvam herad takkar for tolmodet som vegfarande har vist i byggetida, og det gode arbeidet som er utført av alle i prosjektet.