Kvam kulturskule og Kvam bibliotek er miljøfyrtårn-sertifisert

19. august vart Kvam kulturskule og Kvam bibliotek Miljøfyrtårn-sertifisert. 
No har me fått  det synlege beviset av ordførar Torgeir Næss. 
Miljøfyrtårn byggjer på viktige prinsipp om korleis ein kan skape varig positiv effekt på klima og miljø.

Kva er miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning som vart etablert i 2003 av sentrale organisasjonar. Det starta som eit prosjekt i Kristiansand kommune i 1996 og har sidan spredd seg til kommunar over heile landet. Per 2023 er over 10 000 norske verksemder Miljøfyrtårnsertifiserte. EU anerkjenner ordninga, som viser at den held høg miljøstandard og kvalitet på linje med EMAS og ISO 14001.

Når ein skal sertifiserast som Miljøfyrtårn må ein oppfylla ei rekkje relevante kriterium, for å sikre at verksemda arbeidar for å ha ei positiv påverking på klima, miljø og arbeidsmiljø.