Budsjettframlegg for 2025I heradsstyremøtet 14.11.24 vart rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2025 og økonomiplan 2025-2028 presentert. Budsjettframlegget skal handsamast politisk i komande møtebolk. Saka skal handsamast i formannskapsmøte 27. november. Endeleg vedtak kjem i heradsstyremøte 12. desember. Framlegget er utarbeidd i Framsikt, som du finn på denne lenkja: Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028I tillegg er det utarbeidd eit pdf.dokument av budsjettframlegget:Budsjett 2025 og økonomiplan 2026-2028 (PDF, 7 MB)Utvida formannskap (inkl. gruppeleiarar) hadde eit arbeidsmøte 20.11.24 der administrasjonen hadde ei rekkje presentasjonar. Desse finn du her: Presentasjonar i FSK, MPB og HST - Nettsider for Kvam heradSakspapira vert tilgjengelege i møteplanen til Kvam herad, når innkallinga til møta er klare. Møteplanen finn du her: Møteplan 2024 - Kvam herad - Nettsider for Kvam heradTidlegare budsjett og økonomiplanar finn du her: Budsjett og økonomiplan - Nettsider for Kvam herad Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 21.11.2024 11:21