Det er som vanleg aukande førekomst av ulike luftvegsvirus, og i haust har fleire personar vore smitta med kikhoste eller Mycoplasma enn andre år. Me ser ofte ein auke i førekomst av luftvegsinfeksjonar etter joleferien.
Dersom du er i risikogruppe for alvorleg sjukdom og ikkje har teke vaksine mot influensa, Covid-19 eller pneumokokkinfeksjon, kan du kontakte fastlege for å få vaksine. Merk at ein tilrår alle over 65 år å ta alle tre vaksinane. Meir informasjon om risikogrupper finn du her.
Sjølvsagt er jola ei tid der vi skal samlast å vera i lag. Men det kan vera lurt å tenkje gjennom korleis ein opptrer dersom ein vert sjuk med akutt luftvegssjukdom. Me skal ikkje attende til å oppføre oss slik me gjorde under pandemien. Men dersom du vert sjuk, kan det vere lurt å tenkja gjennom råda under.
Råd ved nylege symptom på luftvegsinfeksjon
Ved luftvegsinfeksjon er ein som hovudregel mest smittsam dagen før ein vert sjuk, og dei første to–tre dagane etter at ein har fått symptom. I einskilde tilfelle kan ein vera smittsam i sju dagar.
Det viktigaste er å redusera smitte til personar som har høgare risiko for å verta alvorleg sjuke av luftvegsinfeksjonar. Det er til dømes eldre, kronisk sjuke og spedbarn. Ved nylege luftvegssymptom bør du derfor unngå uturvande kontakt med personar i desse gruppene.
Dersom du har luftvegssymptom og likevel må omgåast personar i risikogruppa innandørs, kan bruk av munnbind og det å halda avstand redusera risikoen for smitte. Tenk særleg gjennom dette dersom du besøkjer eldre på sjukeheim eller omsorgsbustad.
Personar i risikogruppene må sjølve vurdera behovet for sosiale aktivitetar opp mot risiko for smitte i periodar med mykje luftvegssjukdom mellom folk.
Gode hostevanar kan avgrensa smitte frå luftvegane. Prøv å unngå å hosta eller nysa direkte på andre.
Prøv å hosta eller nysa i eit papirtørkle (som du kastar etterpå) eller i olbogekroken dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.
Handvask med såpe og vatn kan førebyggja infeksjonar årsaka av ulike bakteriar og virus, og er spesielt viktig før matlaging eller eting, og etter toalettbesøk. Dersom såpe og vatn ikkje er tilgjengeleg, er alkoholbasert handdesinfeksjon eit alternativ.
Bruk av munnbind kan hjelpa til å minka spreiinga av luftvegsinfeksjonar.
Dersom du kjenner deg sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom, men likevel oppsøkjer lokale der mange ferdast (t.d. butikkar eller kollektivtransport), kan bruk av munnbind og det å halda avstand redusera risikoen for å smitta andre.
Risikoen for å verta smitta av andre kan reduserast noko ved bruk av munnbind. Dersom du sjølv tilhøyrer ei risikogruppe, kan du vurdera å bruka munnbind mellom folk innandørs i på offentlege stader i periodar med mykje smitte, om det er vanskeleg å halda avstand.
Luftvegsinfeksjonar smittar lettare inne enn ute. I rom med dårleg ventilasjon kan jamn gjennomlufting kanskje redusera risikoen for smitte med covid-19, influensa og andre luftvegsinfeksjonar.
Det er ikkje lenger ei generell tilråding om testing for korona. Dersom du er sjuk med luftvegssymptom og oppsøkjer lege, kjem legen til å vurdera testing basert på symptoma dine og helsetilstanden din.
Dei fleste luftvegsinfeksjonar går over av seg sjølv. Ved uro for eigen helse eller helsa til barn, bør du kontakta lege. Legen kjem til å vurdera oppfølging, avhengig av diagnose og sjukdomstilstand.
Hausten 2024 er det høg førekomst av kikhoste. Derfor bør du vurdera å kontakta lege ved luftvegsinfeksjon med kraftig hoste.