Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Stengt veg ved Mo bru fv. 5120 Frå 27. oktober og sju veker fram, kjem vegen ved Mo bru (gamle bosstippen) mellom Øystese og Norheimsund til å vera stengt.
Magisk Ungdomskonferanse For ei veka sidan vart sannsynlegvis ordet "magisk" uttala rekordmange gonger i Kvam. Og det er kanskje det ordet som best oppsummerer kjensla dei man...
Arbeid på mobilnettet til Telenor 29. september–10. oktober Telenor skal oppgradera basestasjonar i området vårt mellom 29. september og 10. oktober 2025. I denne perioden kan ein i nokre område oppleva dårlega...
Studiestart for barnhagelærarar 17. september Onsdag 17. september markerte HVK studiesenter studiestart for arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning i Odda.
Informasjon om vidare arbeid ved rådhuset Del to av arbeidet med nye parkerinsplassar ved rådhuset går inn i ein ny fase. Parkeringsplassen skal ferdigstillast med asfaltdekke, oppmerking og b...
Klare for ungdomskonferanse Ungdomsrådet er klare til å ta mot rundt 240 deltakarar til den nasjonale ungdomskonferansen. På sundag 21. september vil det koma ungdomar frå heile ...
Stoda for familiesenteret framover Lågterskeltilbodet om foreldrestøtte vert avslutta. Tilbodet vart redusert frå 1. mai 2025 grunna omorganisering og er no avslutta grunna innsparingar...
Rein Hardangerfjord 2025 Atter éin gong skal me rydja Hardangerfjorden rein for plast! Den 18. september samlar me alle krefter for å samla så mykje plast me kan langs heile H...
Oppdatert plan for arbeid på fv. 576 Etter å ha bytt stikkrenner på tre strekk i vår, er Vestland fylkeskommune no i gang med vøling av berelag og dekke på nokre strekk av fylkesveg 576.