Oppdatert plan for arbeid på fv. 576
Etter å ha bytt stikkrenner på tre strekk i vår, er Vestland fylkeskommune no i gang med vøling av berelag og dekke på nokre strekk av fylkesveg 576.
Entreprenør tok til fyrst i september med planfresing av strekka for klargjering før djupstabilisering. Dei starta i Mundheim og jobba seg vidare til Strandebarm og Tørvikbygd.
Etter planfresing skal berelaga djupstabiliserast. Det vil seia at dei freser inn nye massar og bindemiddel i sjølve vegfyllinga. Etter dette legg dei nytt dekke på vegen.
Ny plan for djupstabilisering og asfaltering
- Mundheimsvegen, djupstabilisering 15.–17. september. Dekke 18.–22. september
- Strandebarmsvegen, djupstabilisering 18.–24. september. Dekke 29. september–2. oktober
- Tørvikbygdvegen, djupstabilisering 25. september–2. oktober. Dekke 6. oktober–16. oktober
Informasjon om vegstengjing og gjennomkøyringstider finn de på vegvesen.no/trafikk

Publisert av Ole Kristian Grønneng
Sist endra 17.10.2025 08:01