Google maps
Det skal utførast arbeid på Mo bru som ligg på fv. 5120 mellom Øystese og Norheimsund. Det vert arbeid med nye kantdragarar, nytt rekkverk og ny asfalt. Her er vegen så smal at ein ikkje har høve til å gjennomføra arbeidet parallelt med at det går trafikk på vegen, så her vert vegen stengt i heile anleggsperioden.
Sms-varsel er sendt ut til naboar.
Arbeidet vert utført av Vestland fylkeskommune v/ vedlikehald, drift og beredskap infrastruktur og veg.
_______________
Artikkel vart oppdatert med ny startdato fredag 03.10.
Følg med på 175.no