Rein Hardangerfjord 2025

Atter éin gong skal me rydja Hardangerfjorden rein for plast! Den 18. september samlar me alle krefter for å samla så mykje plast me kan langs heile Hardangerfjorden. 

Aksjonsbilete for rein Hardangerfjord 2025 - Klikk for stort bileteRein Hardangerfjord 2025

Kvam herad skipar ikkje til ein offentleg rydjeaksjon i år, men me legg til rette for at alle lag og einskilde som vil rydja, får det til. Me treng så mange hender i sving som råd, og me vonar at du vil vera med og ta i eit tak!

Meir om aksjonen på www.framtidshavet.no

Materiell for innsamling er tilgjengeleg utanfor rådhuset. Her finn du hanskar, plastsekker og storsekk. Det innsamla plastboset leverer de i container som står på Haugamyrvegen 20 på Sandven. 

Facebookhendinga til aksjonen

Kvifor kaste boset i containeren vår?

Det er råd å levera boset de plukkar på miljøstasjon eller kasta i andre offentlege containerar. Grunnen til at me ber om at de kastar det i våre eigne containarar er at då kan me måla opp og bruka tala frå denne ryddeaksjonen i forsking som er viktig for å kartleggja korleis det står til med fjorden vår.

Storsekker

Det er to storsekker på éin kubikk utanfor rådhuset. Desse kan brukast til aksjonar som vert utført frå båt. Ver obs på at ein treng kran for å flytja desse når dei er fulle. Me ser helst at desse vert tømde i våre containerar slik som vanlege sekker, men henting kan avtalast.

Utgifter til mat

Framtidshavet dekkjer inntil 150 kr til mat eller noko anna kjekt per person som er med på ein aksjon. Om de lagar til ein aksjon i eit lag lokalt, kan det få dekt utgifter til t.d. mat opptil 150 kr mot utfylt refusjonsskjema. 

Utleggsskjema Rein Hardangerfjord 2025 (XLSX, 13 kB)

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.