For ei veka sidan vart sannsynlegvis ordet "magisk" uttala rekordmange gonger i Kvam. Og det er kanskje det ordet som best oppsummerer kjensla dei mange deltakarane og involverte i Ungdomskonferansen sat igjen med.
Debatt på Ungdomskonferanse
Kvam herad
Arrangørane avvikla ein konferanse som var:
- Målretta på at alle som deltok skulle reisa heim at med ny inspirasjon og kunnskap til vidare ungdomsrådsarbeid.
- Ambisiøs på å avvikla eit straumlinjeforma arrangement med eit mangfald av aktivitetar.
- Gjennomført i profesjonell bydaprofil frå eplestasjon til traktorfyrverkeri.
- Imponerande med dyktige Kvammaungdomar som stod for alt frå å halda flotte innlegg, leia den beste politiske debatten i Kvam nokonsinne, og for kunstneriske innslag på høgt nivå.
- Samarbeid av eit mangfald gode krefter som sytte for alt frå nitidig planlegging, pynting, trygge vaksne, sikring av ungdom som både fekk klatra høgt og landa trygt, og popping av popcorn. Alt saman viste kvifor Kvam vart kåra til årets ungdomskommune, og korleis me kan halda fram med å byggja "Sterke fellesskap".
- Kreativ i utforming, innhald og løysingar for å kunne arrangera det som sannsynlegvis er den største konferansen som har vorte avhalden så langt i Kvam.
Tusen takk til alle arrangørar, deltakarar og andre involverte som medverka til at me alle fekk nokre magiske stunder i Kvam i samband med Ungdomskonferansen!
Takkehelsing frå rådmann Anita Hesthamar og prosjektleiar for Ungdomskonferansen Ingunn Hildonen Teigland
Filmsnuttar frå Ungdomskonferansen:
Publisert av Anita Hesthamar
Sist endra 30.09.2025 12:27