Stoda for familiesenteret framover
Lågterskeltilbodet om foreldrestøtte vert avslutta. Tilbodet vart redusert frå 1. mai 2025 grunna omorganisering og er no avslutta grunna innsparingar. Psykologtilbodet vert oppretthalde som tidlegare. Det same gjeld førebyggjande ungdomsarbeid i regi av utekontakten.
Det vert arbeidd vidare med organisering og prioritering av ressursar slik at kommunen kan halda fram med å ivareta eit lågterskeltilbod i tråd med nasjonale tilrådingar. Me ser om det lèt seg gjera å halda foreldrekurs utpå hausten.
Innbyggjarar, barnehage, skule og tilsette i helse- og hjelpetenester kan framleis ta kontakt med leiar i familiesenteret ved spørsmål om hjelp og støtte.
Illustrasjonsteikning av familie med to vaksne, to born og hund
ArtRose / Pixabay
Publisert av Ole Kristian Grønneng
Sist endra 11.09.2025 11:50