Arrangement

Planlegg du eit arrangement i eit bygg eller på eit område som normalt ikkje nyttast til denne type arrangement, må du sende oss ei melding. Dette er fordi brann- og redningsvesenet skal sjå til at arrangør har ein plan for at branntryggleiken vert ivareteke under arrangementet, og gjennomfører planen i praksis. 

Arrangement i idrettshall Kvam brann og redning

Kva type arrangement er nødvendig å melde inn?

Arrangement som føregår i eit bygg eller på eit område som normalt sett ikkje vert nytta til denne type arrangement, og det er forventa meir enn 50 personar ved skjenkeløyve eller 150 personar uten skjenkeløyve, skal meldast inn til Kvam brann- og redningsvesen.

Type arrangement kan eksempelvis vera ein konsert i ein idrettshall eller eit samfunnshus, ein musikkfestival eller bilshow på offentleg plass, eller diskotek i eit midlertidig oppsatt partytelt

Kvifor er det nødvendig å melde inn arrangement?

Alle bygg og områder har eit tryggleiksnivå, både teknisk og organisatorisk, som er tilpassa den tenkte bruken.  Av den grunn er brann- og redningsvesenet sitt samfunnsoppdrag å kontrollere at branntryggleiken likevel vert ivareteke når bruken avvik frå normalen. Dette skjer ved å sjå til at arrangør har ein plan som sikrar at nødvendige tiltak vert satt i verk for å ivareta tryggleiken under arrangementet, og at denne planen vert praktisert.

Dette er krav som brann- og eksplosjonsvernlovgivninga stiller til deg som arrangør.

Korleis skal ein melde inn arrangement, og kva skal ein sende inn av dokumentasjon?

Melding må sendast inn til Kvam brann- og redningsvesen seinast 4 veker før. Dette gjer ein ved å fylla ut eit digitalt skjema. Når meldinga er sendt treng ein ikkje føreta seg noko meir. Me tek kontakt ved spørsmål. Om ein ikkje høyrer noko er alt ok. Likevel presiserer me at det er arrangør som alltid er ansvarleg for at arrangementet vert gjennomført på ein trygg måte og i samsvar med lover og forskrifter.

Skjemaet med nødvendige vedlegg skal innehalda fylgjande:

  • Opplysningar om type arrangement, tidspunkt, namn på arrangør, kven som er ansvarleg, kontaktinformasjon osv.
  • Risikoanalyse med kartlegging av kva som kan gå gale, korleis ein skal hindre at det skjer og kva tryggleikstiltak som er planlagt for å redusere konsekvensane dersom noko gale skjer.
  • Oversikt over antall vakter, kvar dei er plassert i bygget eller på området med oppgåve- og ansvarsfordeling samt korleis dei får nødvendig opplæring til å ivareta rolla si.
  • Kart over bygget eller området som viser plassering av vakter, rømningsvegar, plassering av sløkkjemiddel, nødetatane sine tilkomstmoglegheiter osv. Dersom det er satt opp eksempelvis telt som er midlertidig må kartet også vise avstand til andre bygningar.
  • Dersom persontalet er høgare enn det bygget er dimensjonert for må det dokumenterast korleis branntryggleiken likevel er ivareteke.

Sjå også Retningsliner for større arrangement (PDF, 218 kB) som er utarbeida av Kvam brann- og redningsvesen for nærare opplysningar.  Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har også utarbeida ein rettleiar for tryggleik ved store arrangement, som ein kan finne på DSB sine nettsider.

Eksempel på tryggleiksplan som kan nyttast av arrangør finn ein her: Tryggleiksplan ved store arrangement (DOCX, 37 kB)

Ta kontakt med Kvam brann- og redningsvesen ved spørsmål eller ynskje om rettleiing.