Om barnevernet

Barnevernet skal sikra at born og unge som har det vanskeleg, får hjelpa og omsorga dei treng. Barnevernet har ei plikt til å hjelpa born og unge som er i akutt vanskelege situasjonar.


Sjå videoen på andre språk: English - Soomaali - ภาษาไทย - русский языкTürkçe - Polskiاُردُو‎ اَلْعَرَبِيَّةُ سۆرانی - فارسی

Både privatpersonar og personar som er i kontakt med barn gjennom jobben, kan melda frå til barnevernet dersom dei er uroa for eit born eller ein ungdom. Når barnevernet får ei slik melding, vil me vurdera om det er grunnlag for å setja i gang ei undersøking. Dersom barnevernet ynskjer å undersøkja saka nærare, tek me kontakt med familien. 

Barnevernet kan kontaktast på telefon, brev, mail eller ved personleg frammøte (sjå kontaktinformasjon). Born og unge kan sjølv venda seg direkte til barnevernet og be om hjelp. Du kan også be om hjelp frå ein lærar, helsesjukepleiar / helsesøster eller frå ein annan vaksen du stoler på, dersom det gjer det lettare å ta kontakt.

Barnevernet si hovudoppgåve er å beskytta dei mest utsette borna mot omsorgssvikt. Vert barnevernet kjende med slike forhold, har dei ei lovbestemt plikt til å undersøkja korleis bornet har det, og om naudsynt setja i verk tiltak

Bornet sitt beste

Barnevernet sitt arbeid er ein kombinasjon av støtte og kontroll. Det skal gje hjelp og støtte for at heimen skal kunne makta sitt oppdragaransvar, men har også plikt til å gripa inn dersom dette ikkje nyttar.

Eit viktig prinsipp for barnevernet er at tiltak skal vera til bornet sitt beste. Dersom born og foreldre har motstridande interesser, er det difor omsynet til bornet som er avgjerande. Men barnevernet skal alltid forsøka å få til eit samarbeid med foreldre.

Barnevernet skal vurdera om barnet har behov for tiltak når:

  • bornet har eit særleg behov for hjelpetiltak, grunna tilhøva i heimen eller av andre årsaker
  • det er alvorlege manglar med den daglege omsorga barnet får, eller alvorlege manglar ved den personlege kontakta og tryggleiken born treng 
  • foreldra ikkje syter for at eit sjukt born, eit born med nedsett funksjonsevne eller spesielt hjelpetrengande born får dekka sine særlege behov for behandling og opplæring 
  • bornet vert mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
  • det er overvegande sannsynleg at bornet si helse eller utvikling kan verta alvorleg skada fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar for bornet 
  • ein ungdom er involvert i vedvarande eller gjenteken kriminalitet, vedvarande misbruk av rusmiddel eller på ein annan måte lever på ein slik måte at helse og utvikling står i fare.

Lover og retningsliner

Sjå også

For meir informasjon om barnevernet, kan du også gå til BUFDIR sine nettsider.