Målgruppe

Barneverntenesta skal sette i verk tiltak overfor barn/ungdom under 18 år som oppheld seg i Kvam.

 

Barneverntenesta skal sette i verk tiltak overfor barn/ungdom under 18 år som oppheld seg i Kvam der barna/ungdomen

  • av ulike årsaker ikkje får den oppfølginga og omsorga dei treng i heimen sin og at det kan skada deira helse og utvikling
  • er sjuke, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande og ikkje får behandling eller opplæring
  • blir utsett for vold eller seksuelle overgrep.

Barneverntenesta skal søkja å avdekke omsorgssvikt, åtferds-, sosiale og emosjonelle problem, og sette i verk tiltak i forhold til dette, så tidleg at barn unngår å få varige problem. 

Ungdom mellom 18-25 år kan fortsatt ha tiltak frå barneverntenesta dersom han/ho samtykkjer til det, og tiltaket vart sett i verk før han/ho fylte 18 år.