Klage på vedtak

Vedtak om tiltak frå barnevernet eller avgjersle tatt av fylkesnemnda kan klagast inn for ny prøving, jfr. Forvaltningslova § 28.


 

Finn du grunn til å klage på vedtak, ta kontakt med barnevernleiar. Klagen må vera skriftleg og innehalde kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva klagen. Dersom barneverntenesta ikkje ettergjev klagen, vert klagen sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd der.

For samtale kan du ta kontakt på telefon eller ved å kome til barneverntenesta for nærare avtale med leiar eller barnevernkonsulent. Sjå under Kontaktinformasjon.